Årets byggeskikkpris til Sjøholt folkehøgskoleEit bygg det er lagt vekt på lågt energiforbruk, høg materialkvalitet, og lang levetid. Vi gratulerer! Eit einstemmig Planutvalg vedtok i sitt møte tysdag 18. oktober 2022 å tildele årets byggeskikkpris til Sjøholt Folkehøgskole for den grundige og respektfulle rehabiliteringa av husmorskulen på Sjøholt frå 1940. Det er lagt ned eit stort arbeid for å oppfylle krava til isolering, ventilasjon og varmegjennvinning i eit moderne bygg - samstundes som ein har tatt vare på kvalitetar og det arkitektoniske uttrykket ved det gamle bygget. Her er både matsal og internatskjøkken i tillegg til gymsal, vaskekjeller, aktivitetsrom, kontorfløy og fleire stover. Den gamle festsalen er bevart med sine store og karakterisktiske Peson-maleri malt direkte på veggane. Dei to nye moderne internatbygga harmonerer godt med det gamle bygget og tilbyr plass til 88 elevar. Med dei tolv elevromma i hovedbygget kan skulen no ta imot 100 elevar. Her har eigar lagt vekt på lågt energiforbruk, høg materialkvalitet, og lang levetid. Vi gratulerer Sjøholt folkehøgskole med byggeskikksprisen! Sist endra 18.01.2023 09.43