Andre prisdryss frå kommunen

Andre prisdryss frå kommunen

Vi har tildelt årets miljøpris til Martin Helseth. Les meir om vinnaren her!

Blid hvit mann med caps - Klikk for stort bilete Ørn E. Borgen/NTB

Martin Helseth får Ålesund kommune sin miljøpris for 2022 for sin innsats med både å fysisk fjerne tonnevis med søppel fra havet, men og for å skape merksemd rundt marin forsøpling.
Miljøprisen skal tildelast for særskild innsats for berekraftig miljø, her under klima- og energitiltak, og prisen kan delast ut til enkeltpersonar, organisasjonar, barnehagar, skular og offentlege og private verksemder/bedrifter som har utmerka seg på miljøområdet, og som bidrar til at Ålesund kommune når klima- og miljømåla fram mot 2030. Det er kommunen sitt prisutval som avgjer kven som får prisen.

Martin Helseth er ikkje berre ein ung olympisk roer frå Ålesund, han er også ein havrydder. Ein havryddar med stor kapasitet og eit smittande engasjement.

Han har støtt ryddeaksjonar, anten åleine, eller der han får med seg andre på laget. Det heile starta i 2020, og berre på det året plukka han opp vel 7 tonn frå havets bunn. Målet i 2022 er å samle inn 10 tonn. Det er nedslåande at vi menneske har gjort havet til ein nærast uuttømmeleg kilde av søppel, men så er det også oppløftande at vi har menneske som Martin, som på eige initiativ legg innsats inn for å fjerne det. 

Han lukkast med å skape merksemd rundt temaet forsøpling av havet og får vist fram kor stor utfordringa er. Når fleire får sjå og vite kva og kor mykje som blir kasta på havet, blir fleire medviten og meir engasjert.

Martin Helseth er ein ung mann utanom det vanlege, eit flott førebilete med innsatsen han legg ned for både å fjerne søppelet, og måten han jobbar for at vi alle skal vere meir bevisste på det. Ein verdig vinnar av prisen og vi gratulerer så mykje!

Mottakar av Miljøprisen får eit prisbeløp på kr 10 000,-, samt eit arbeid av ein lokal kunstner og diplom. 

Vi gratulerer prisvinnaren!

Til toppen