Viktig informasjon om korona

Siste nytt

Anbefaler ny brannstasjon på Lerstad

Ålesund kommunale eigedom (ÅKE) ber kommunestyret kjøpe Lerstadvegen 525 for ca. 92 millionar kroner. ÅKE meiner dette er den beste løysinga for å etablere ein ny hovudbrannstasjon for Ålesund. Ny brannstasjon er berre ei av 33 saker som skal til behandling når kommunestyret møtast på torsdag.Spjelkavik brannstasjon  - Klikk for stort bileteSpjelkavik brannstasjon skal selgast. Kommunen skal no ta stilling til kjøp av eigedom på Lerstad for ny hovudbrannstasjon i Ålesund.  

I følgje ÅKE hastar det med å kjøpe eigedomen. Om ikkje kommunen slår til no, kan ei risikere at den vert seld til andre. Alternativet er at vi i staden må bruke store summar på tiltak for å halde i gong drifta i dagens bygg, i tillegg til at ein ny hovedbrannstasjon blir truleg mykje dyrare om ein må bygge heilt nytt om nokre år.

Ny hovudbrannstasjon i Ålesund har vore under planlegging i lang tid. Frå  01. januar 2020 fekk Ålesund brannstasjon ansvar for 15 brannstasjoner og 3 branndepot. To av desse stasjonane har døgnbemanning. Det er hovudbrannstasjonen på Volsdalsberga og brannstasjonen i Spjelkavik.  

Behovet for å få ein ny hovudbrannstasjon har vore der i mange år, og behovet har auka etter at Ålesund vart slått saman med fire andre kommunar.

No ber ÅKE om fullmakt til å sikre seg eigedomen Lerstadvegen 525. Målet med eigedomen er etter kvart å samlokalisere fleire naudetatar.

Kjøpet av tomta skal mellom anna finansierast ved sal av den gamle brannstasjonen i Spjelkavika, sal av kommunale tomter og eigedomar og lån. 

Dersom kommunestyret seier ja til kjøp av eigedomen på Lerstad, kan bygget med få grep erstatte brannstasjon i Spjelkavik på kort sikt, og legge til rette for å gjere ferdig ein ny hovedbrannstasjon 2-3 år etter at kommunestyret sett av midler til dette.

Ålesund får folkehelsestrategi

Kommunestyret skal no vedta ein ny Folkehelsestrateg for Ålesund kommune. Strategien har vore arbeidd med i lang tid, og svært mange har vore høyrt i arbeide med strategien.

Folkehelsestrategien sping ut av intensjonsavtalen for nye Ålesund kommune, og er ein av fire overordna strategiar som syner korleis kommunen møter dei største utfordringane som ein står overfor. 
Nøkkelpunkt som strategien tek føre seg er:  
•    Vedvarande og aukande folkehelseutfordringar og auke i sosiale helseforskjellar
•    Menneskeskapte klimaendringar og tap av naturmangfald
•    Ei demografisk utvikling med fleire eldre, færre i arbeidsfør alder og reduserte økonomiske rammer
•    Eit berekraftig og konkurransedyktig lokalt næringsliv

Etter at komité for kultur og medborgarskap behandla saka 8. februar, har strategien vore til behandling i kommunen sine komitear, råd og utval, samt ute til offentleg ettersyn i 4 veker.

No skal kommunestyret gjere endeleg vedtak i saka. 

Her kan du lese utkast og saksdokument til folkehelsestrategi

Fleire strategiar på saksplana

Til saman fire ulike strategiar skal opp til behandling i kommunestyret no i mai. 

  • Strategi for tenesteutvikling og nyskaping
  • Næringsstrategi
  • Grøn strategi

 Alle strategiane har vore ute på høyringar. Etter vedtak i komiteane, har strategiane vore til behandling i kommunen sine komitear, råd og utval, samt ute til offentleg ettersyn i 4 veker. Med utgangspunkt i dei uttalar, merknadar og innspel som er mottatt i høyringsperioden, har kommunedirektøren utarbeidd forslag til endeleg utforming av strategien.

Les meir om strategiane her

No skal Dronning Sonjas plass leggast ut for sal

Eit av forslaga til nytt bygg på Dronning Sonjas plass - Klikk for stort bileteEit av forslaga til nytt bygg på Dronning Sonjas plass Kommunestyret skal no avgjere framtida til Dronning Sonjas plass. Formannskapet har anbefalt eit vedtak som gir fleire føringar for korleis plassen skal utnyttast. 

Plassen skal selgast til dei som har det beste konsept med illustrasjon av utnytting av tomta og omkringliggande område. Det er ønskelig at det vert lagt fram fleire alternative utformingar/design der også den planlagde Notenesparken/Brosundpromenaden er med. Kriteria skal vektast slik: Beste konsept- 60 prosent. - Pris - 40 prosent. 

Vidare ynskjer kommunen at bygninga bør vere eit aktivt bygg, gjerne med tilgjengeleg tak, og ein eller fleire grøne veggar, til dømes byhage eller vertikal dyrking. Bygget bør ha ei aktiv førsteetasje kan innehalde opplevingssenter med til dømes galleri, museumsutstilling.

Det bør vere ein sosial treffstad med kafe/kaffibar med utvida tilbod på tvers av alder. Mathall med til dømes delikatesseprodukt, lokalprodusert mat er element som bør vere med. Det er Ålesund kommunale eigedom som skal stå for salet av plassen.

Også Løvenvold kino skal selgast

Det er mange saker knytt til kjøp og sal av eigedom og tomter som skal til kommunestyret.  No skal også gamle Løvenvold kino selgast.

Ålesund kommunale eigedom foreslår for kommunestyret at salet skal annonserast i den opne marknaden.  Inntektene frå salet skal nyttast som ein del av finansiering av naudsynt oppgradering av Arbeideren.

Innbygggarforslag om tryggare skoleveg

Aksjonsgruppa for tryggare skoleveg Blindheim Flisnes har samla inn 549 underskrifter og fremja eit innbyggarforslag til kommunestyret.

Gruppa kjem med ei rekkje forslag til tiltak for å betre trafikktryggleiken til nær 200 barn og unge som kvar dag ferdast langs den omtalte strekninga.

Kommunedirektøren finn at innbyggarforslaget oppfyller kommunelova sine krav for politisk behandling av forslaget. Vidare rår kommunedirektøren kommunestyret til å gjere eit vedtak der ein ber om ei sak med fagleg utgreiing for å få eit solid grunnlag til å vurdere dei konkrete tiltaka som er foreslått.

Ny forskrift om fyrverkeri

Foto av Ålesund by tatt frå Fjellstua på Aksla.  - Klikk for stort bileteÅlesund sett frå Fjellstua Øyvind Heggstad  Formannskapet har tidlegare bedt Ålesund brannvesen legge fram forslag til ny forskrift for bruk at fyrverkeri i Ålesund.

Vedtaket frå formannskapet innebar at brannvesenet skulle lage ei lokal forskrift om forbodssoner for oppskyting av fyrverkeri i klasse II og III. Dette gjelder først og fremst Ålesund sentrum, og for å sikre dei gamle trehusa i sentrum.
Brannvesenet har på eige initiativ vald å ta med Ona og Husøy i same forskrift.

Brannvesenet meiner at det er et behov for at forskrifta også gjeld for dette området. Bakgrunnen for dette valet er at risikoen ved brann på Ona og Husøy er vesentleg større enn i Ålesund sentrum. Ona og Husøy har eit mindre depot med få personell. Det er stort moglegheit for store tap av viktige kulturmiljø ved brann vert sett på som betydeleg.

Totalt skal 33 saker til behandling i kommunestyret Mellom anna, ny forskrift for tildeling av kommunale tilskot til bustader, ny forskrift for opningstider for servering- sal og skjenkestadar i Ålesund,  budsjettkontroll for fleire kommunalområder, revidering av vedtekter for kommunale barnehagar og tildeling av tilskot til frivillige lag og organisasjonar.

Du kan sjå heile sakslista og lese dokumenta her.

Kommunestyret startar 27. mai klokka 14.00. og skal vere ferdig til 22.00

Du kan følgje møtet på kommune-tv

Til toppen