Innsyn er oppe igjen

Postlister, møteplan og Innsyn er nå tilgjengeleg igjen. Dei tekniske feila er retta. 

Siste nytt

Alt du treng å vite om fakturaen for gebyr og skatt frå kommunen

Frå tirsdag 2. juni og nokre dagar framover, vil alle bustader og næringsbygg i Ålesund få rekning for kommunale gebyr og skattar. Her får du ei forklaring på alle punkta som står på rekninga du får. Klikk for stort bildeVerksemdleiar for vatn- og avløp i Ålesund kommune, Jesper Sode Hansen.  

Innbyggarar i kommunedelane Ørskog og Haram får ikkje krav om eigedomsskatt. 

- Det er viktig at innbyggarane no les rekninga dei har fått nøye.  Alle delar skal vere godt forklart, men dersom du framleis lurer på noko, så kan du ta kontakt med kommunen sitt innbyggartorg, eller du kan sende oss ein epost. Det seier verksemdleiar for vatn- og avløp i Ålesund kommune, Jesper Sode Hansen.

Rekninga som no kjem, er den første av i alt tre kommunale rekningar i 2020. Under normale forhold, ville innbyggarane fått fire rekningar for kommunale skattar og gebyr. 

- Det vart litt spesielt i år, og kommunen beklagar dersom nokon føler usikkerheit rundt rekninga. Vi kan forsikre innbyggarane at rekningane no er korrekt utrekna i forhold til dei opplysningar som kommunen har tilgang til.  Kommunen nyttar seg av opplysningar frå Skatteetaten i mange av utrekningane.  Finn du feil i areala vi har brukt til utrekningane , må du òg melde frå til Skatteetaten i tillegg til kommunen.  Vi har eigne skjema for slike feil. Dei finn du på våre nettsider, seier Hansen.

Melding om feil i fakturagrunnlaget

Fakturanen som kjem i posten eller på epost, eller via andre betalingstenester er sett opp med 11 punkt. For dei utan eigedomsskatt og for dei som får vatn frå privat vannverk vil det vere eitt til to færre punkt på fakturaen. 

Dette vil du finne på fakturaen:

  1. Eigedomsskatt
  2. Vanngebyr abonnement
  3. Forskot på vann
  4. Oppgjer vann
  5. Tilbakebetalt vann
  6. Avløpsgebyr abonnement
  7. Forskot på avløp
  8. Oppgjer avløp
  9. Tilbakebetalt avløp
  10. Feiegebyr                                                                                       
  11. Renovasjon

Slik ser fakturaen ut

 

Klikk for stort bilde 

 

Forklaring

 

1. Eigedomsskatt

Det er to typar gebyr for eigedomsskatt

  • bolig og fritidseiendommer
  • næringseiendom

Naust og fritidsbustader kjem inn under bustad og fritidseigedommar. Det betyr at dersom du berre har ein fritidsbustad eller eit naust, vil dette komme inn under eigedomsskatt for bustad og fritidseigedommar. 

Grunnlag for utrekninga:

For bustad- og fritidseigedommar er det primærarealet (p-arealet) som blir lagt til grunn for utrekninga. Du skal betale to promille av denne summen i eigedomskatt for heile 2020.

På fakturaen står det ENH 0/00:  Dette fortel  at eigedomsskatten blir berekna i ein promillesats. Under pris står det 2.00.  Det viser at du skal betale to promille av takstgrunnlaget som vises i første kolonnne.  Andel: 0,33: Det betyr at totalbeløpet for 2020 er delt i tre like store delar som betalast i tre terminar.

Frå dato til dato viser kva periode du no betalar for. Terminbeløp viser summen du no skal betale.  Det er ikkje MVA på eigedomsskatt.

For meir informasjon om din eigedom, viser vi til skattesetelen som du fekk i mars. På skattesetelen finn du informasjon om bygningane på eigedomen, kva du skal betale i eigedomsskatt og informasjon om klagefrist og kvar du skal sende klagen. 

2. Vassgebyr abonnement

Dette er eit fast gebyr for privat bustad og fritidseigedommar. I tillegg til det faste gebyret, må ein betale for forbruk. (sjå punkt 3-5) 

Slik er gebyret rekna ut:

Vanngebyr Abonnement for privat bustad og fritidseigendommar er på kr. 1201,25 inkludert meirvediavgift per år. Utan mva. er beløpet 961 kroner per år. Meirverdiavgifta er 25 prosent.

I 2020 kjem gebyra i tre terminar. Faktura for kvar termin vert slik: 

961 kroner delt på tre= 320,33 kroner for vanngebyr abonnement per termin uten mva. Med meirverdiavgift vert vanngebyr abonnement for 1.termin 2020 på 400,04 kroner.

3. Forskot på vann

Kvart år legg kommunen inn eit forskot for året som kjem i berekninga av vassbruk. Det vil seie at vi set eit venta bruk vatn for året 2020.

Dersom kommunen krev avgift for eit forventa forbruk for 2020 på for eksempel 93 m3, vert gebyret rekna ut slik i første termin:   

Slik er gebyret rekna ut:

10,73 kroner per m3 x 93m3 vann = kr 997,89kr i vann i forskudd per år.  Summen på 997,89 kroner vert i 2020 delt på tre terminar. Då blir gebyret 332,63 kroner utan meirverdiavgift i i forskudd for 1.termin 2020.  Inkluder meirverdiavgift vert gebyret 415,78 kroner.

4. Oppgjer vann

Denne posten gjeld for dei som har vassmålar. Posten vil berre vise på den første terminen i 2020, og er ei justering i forhold avrekninga på vannmålaren for 2019. Det er viktig at bustadeigarane les av vassmålaren ved slutten av kvart kalenderår, og melder tala inn til kommunen.         Oppgjer vatn viser kor mykje vann som faktisk vart brukt i 2019.

Dersom ein har brukt meir vatn enn det som er betalt for, vil dette bli fakturert på den første rekninga i 1.termin. Vi bruker prisen frå 2019 i din gamle kommune på avrekning av vassmålarar.

Slik er gebyret rekna ut:

Dersom ein bustad i gamle Ålesund har faktisk brukt for eksempel  93m3 i 2020,der prisen utan mva. var 12,99kr/m3,blir berekninga slik:

93 m3 x 12,99 kr = 1208,07 kr oppgjer vann utan mva. for hele 2019.
Med meirverdiavgift vert oppgjer vann for 2019 på 1510,08 kroner.

5. Tilbakebetalt vann


Denne posten gjeld for dei som har vassmålar. Denne posten kjem berre på faktura for 1. termin 2020. Dersom ein har brukt mindre vatn enn det ein har betalt i forskot, vil ein få tilbake for mykje innbetalt på faktura i 1. termin. Vi bruker prisane frå 2019 i din gamle kommune på avrekning av vassmålar.

Slik er gebyret rekna ut:

Dersom ein bustad i gamle Ålesund har betalt for eksempel  83m3 i 2019,der prisen utan mva. var 12,99kr/m3,blir berekninga slik: 

83 m3 x 12,99 kr = 1078,17 kr tilbakebetalt vann utan mva for hele 2019.
Med meirverdiavgift vert oppgjer vann for 2019 på 1347,71 kroner.

6. Avløpsgebyr abonnement

Dette er eit fast gebyr for privat bustad og fritidseigedommar. I tillegg til det faste gebyret må ein betale for bruken.

Slik er gebyret rekna ut:

Avløpsgebyr Abonnement for privat bustad og fritidseigedommar er på 1392,50 kroner inkludert meirvediavgift per år. Utan mva. er beløpet 1114 kroner per år. I 2020 kjem gebyra i tre terminar. Faktura for kvar termin vert slik: 

1114 delt på tre terminar = 371,33 kroner for avløpsgebyr abonnement per termin utan mva.
Med meirverdiavgift vert avløpsgebyr abonnement for 1.termin 2020 på 464,16 kroner.

7. Forskot på avløp

Kvart år legg kommunen inn eit forskot for året som kjem i berekninga av avløp. Det vil seie at vi set eit venta bruk avløp for året 2020. 

Slik er gebyret rekna ut:

Dersom ein ventar at ein bustad bruker for eksempel 93m3 i 2020, blir berekninga slik:
15,40 kroner per m3 ganger 93m3 vatn. Då blir årsrekninga på 1432,2 kroner for avløp. 
1432,2 vert delt på tre terminar.  Då skal ein betale 596, 75 øre inkludert meirverdiavgift for 1.termin. Utan meirverdiavgift er prisen 477,40 kroner. 

8. Oppgjer avløp

Denne posten gjeld for dei som har vassmålar. Oppgjer avløp tek omsyn til det du faktisk brukte av avløp i 2019. Det er innmeldinga frå vassmålaravlesninga som er grunnlaget for utrekninga. Denne posten kjem berre på faktura for 1.termin 2020. Dersom bustaden har brukt meir vatn enn det dei har betalt i forskot, vil dei få dette til betaling på faktura for 1.termin 2020. 

Slik er gebyret rekna ut:

Dersom ein bustad i gamle Ålesund har faktisk brukt for eksempel  93m3 i 2020,der prisen utan mva. var 21,77kr/m3 ,blir berekninga slik:

93 m3 x 21,77 kr = 2024,61 kr oppgjer avløp utan mva for hele 2019.
Med meirverdiavgift vert oppgjer avløp for 2019 på 2530,76 kroner.

9. Tilbakebetalt avløp

Denne posten gjeld for dei med vassmålar. Tilbakebetalt avløp viser kor mykje du har betalt for avløp i 2019.

Denne posten kjem berre på faktura for 1. termin 2020. Dersom ein har brukt mindre vatn enn det dei har betalt i forskot, vil ein få tilbake det som er for mykje betalt på faktura for 1. termin 2020. Dersom ein har brukt meir i avløp enn det som er betalt, vil ein få dette til betaling på faktura for 1. termin 2020.

Prisane frå 2019 i din gamle kommune vert brukt i avrekninga. 

Slik er gebyret rekna ut:

Dersom ein bustad i gamle Ålesund har betalt for eksempel  83m3 i 2019,der prisen utan mva. var 21,77kr/m3,blir berekninga slik:

83 m3 x 21,77 kr = 1806,91 kr tilbakebetalt vann avløp mva for hele 2019.
Med meirverdiavgift vert oppgjer avløp for 2019 på 2258,64 kroner.

10. Feiegebyr

Feie- og tilsynsavgift er på 535 kroner med meirverdiavgift per år. Utan mva er prisen 428 per år.

Slik er gebyret rekna ut:

I 2020, kjem gebyra i tre terminar. Faktura for kvar termin vert slik:

428 delt på tre terminer= 142,67 kroner feiegebyr pr. termin utan meirverdiavgift. Med meirverdiavgift vert feiegebyr for 1.termin 2020 på  178,34 kroner. For å søke om fritak på feiegebyr, må du fylle ut eit skjema. Det finn du på heimesidene til Ålesund Brannvesen.   

Nettsida til Ålesund brannvesen

11. Renovasjon

For 1. termin 2020 vil renovasjon på faktura gjelde kun for perioden 01.01.20-31.03.20.

For andre termin vil renovasjon gjelde for perioden 01.04.20-31.08.20. 
For tredje termin vil renovasjon gjelde for perioden 01.09.20-31.12.20.

Det betyr at rekninga for 1. termin 2020 for renovasjon, blir litt lågare enn vanleg fordi betaling for april kjem på neste termin. Eksempel på renovasjonsgebyr for ein dunk på 140 l:

Slik er gebyret rekna ut:

Renovasjon dunk 140 liter er på kr 4150 per år med meirverdiavgift. Utan mva. er prisen 3320 per år.

1.termin betalar du 3/12-delar av rekninga:  830 kroner utan meirverdiavgift.
Med meirverdiavgift er renovasjonsgebyret for 1.termin 2020 på 1037,5 kroner.

Renovasjon for 2. og 3.termin blir slik:
2.termin betalar du 5/12-delar avrekninga: 1383,3 kroner utan meirverdiavgift.
Med meirverdiavgift er beløpet 1729,12 kr for 2.termin 2020.
3.Termin betalar du 4/12-delar av rekninga: 1106,7 kroner utan meirverdiavgift.
Med meirverdiavgift er beløpet 1383,34 kr for 3.termin 2020.

For meir informasjon om renovasjonsgebyr, ta kontakt med Årim på tlf 70 31 41 00 eller post@arim.no

For å søke om fritak for renovasjonsgebyr, kan du sende skriftleg søknad til post@arim.no. 

Slam

Innbyggarar som ikkje er knytt til det kommunale avløpsnettet, må betale slamgebyr i staden for avløpsgebyr. Slamgebyret for 1.termin 2020 gjeld for perioda 01.01.20-31.03.20, og er rekna ut på same måte som renovasjonsgebyret. Sjå betalingsregulativet for prisane for slam.

Betalingsregulativ for kommunale tenester                                                                                             

Meir info: 

Til toppen