Siste nytt

Alle skolar i Ålesund går over på raudt nivå frå og med fredag 26. mars

Koronavirus, shutterstock - Klikk for stort bileteKoronavirus, shutterstock Kriseleiinga i Ålesund kommune har torsdag 25. mars, fatta vedtak om å sette alle barneskolar, ungdomsskolar og vidaregåande skolar på raudt nivå frå og med fredag 26. mars. Barnehagane vil fortsatt vere på gult nivå.

Portrettbilete av ordførar i Ålesund, Eva Vinje Aurdal - Klikk for stort bileteOrdførar i Ålesund Eva Vinje Aurdal - Kommunen overvaker og vurderer situasjonen heile tida. Vi handlar etter dei retningslinjene som er gitt og dei råda vi får i dialog med FHI og statsforvaltaren. Frå i går har vi fått ein situasjon med meir smitte. Akkurat no har vi ikkje full oversikt over smittespreiinga. Derfor vel vi å gå over på raudt nivå på skolane våre, seier ordførar Eva Vinje Aurdal.



Å stenge skolar er eit veldig inngripande tiltak og skal kun gjerast unntaksvis og vere nøye vurdert. Det raude tiltaksnivået i trafikklysmodellen er utvikla for å hindre skolestenging.

FHI seier dette om raudt nivå:
«FHI anbefaler at kommuner med økende smitte blant barn og unge bør innføre rødt nivå fremfor å stenge.»
 


Bjørn Ivar Rødal, kommunalsjef for opplæring - Klikk for stort bileteBjørn Ivar Rødal, kommunalsjef for opplæring  - Raudt nivå på skolane betyr strengare krav til avstand mellom elevar og ikkje blanding av elevar på tvers av kohortar.  Skolane i Ålesund varierer i storleik og utforming.  Kvar einskild rektor kan no tilpasse skolekvardagen anten med digital undervisning eller mindre kohortar ut i frå personalsituasjonen.  Dette kan bety at nokre elevar kan få heimeskole, seier kommunalsjef for opplæring Bjørn Ivar Rødal.

Sjå meir om trafikklysmodellen på FHI sine sider.
 


Kva skjer etter påske?


Kommunen vil i løpet av påska gi beskjed om korleis situasjonen blir for dei kommunale tilboda som til dømes skolar og institusjonar m.m. etter påske.

 

Kommuneoverlege Olav Mestad.j - Klikk for stort bileteKommuneoverlege Olav Mestad.j - No må vi følgje smitteutviklinga nøye gjennom påska og vurdere kva tiltak som er nødvendig både i skolen og lokalsamfunnet elles. Vi vil halde fram med forsterka TISK, og oppmodar alle om å følgje dei lokale reglane og nasjonale råda. Ha færrast mogleg nærkontaktar, hald deg heime om du er sjuk og ha låg terskel for å teste deg, seier kommuneoverlege Olav Mestad.

Til toppen