Alle kommunedelsutvala samla til nye møte

Alle kommunedelsutvala samla til nye møte

Onsdag 9. og torsdag 10. november var det nye møte i kommunedelsutvala i Ålesund kommune. På agendaen sto fleire orienteringssaker, mellom anna økonomi og handlingsplan 2023-2026.

Kommunedelsutvalsmøte i Ålesund bystyresal Jon Åge Giske Andersen

Dei elleve kommunedelsutvala møttest onsdag og torsdag førre veke. Møta starta med felles orienteringar om budsjett- og økonomiplan ved Lars Fylling, helseplattforma ved Ann Kristin Røyset og Magne Sellreite, og om Kvasnes renseanlegg ved Arve Olav Bang.

Økonomisjef Lars Fylling orienterer Jon Åge Giske Andersen

På onsdagens møte var også Anne Berte Hareide med på orienteringa om helseplattforma, og Elin Nerem med på orienteringa om Kvasnes renseanlegg. Etter fellesorientering gjekk utvala kvar for seg for å diskutere sakene, med moglegheit for å vedta uttalar. 

Nordøyane kommunedelsutval Bjørn Arild Hatlem

 

Kommunedelsutvala samla på Gomerhuset Bjørn Arild Hatlem
Til toppen