Alle kommunalsjefar i Haram er tilsett

I vår har det gradvis vore gjort tilsetting av leiarar som skal tre inn i Haram 2024. No er det gjort to til, og med desse tilsettingane er kommunedirektørens leiargruppe fullstendig, og alle kommunalområda har øvste leiar på plass. 

Foto av Brattvåg sentrum med hus , sjø og båtar.  - Klikk for stort bileteBrattvåg Portrettbilete av kvinne - Klikk for stort bileteElin-Katrin Vegsund Privat

Kommunalsjef helse og omsorg 

Elin-Katrin Vegsund er tilsett som kommunalsjef helse og omsorg i Haram kommune. Elin er i dag verksemdleiar for Blindheim og Hatlane omsorgsenter i Ålesund kommune. Elin har vore verksemdleiar sidan 2017, og før dette har ho fleire år med erfaring som avdelingssjukepleiar frå både kommune og sjukehus. Elin er utdanna sjukepleiar med mastergrad i leiing, og har vidareutdanning i innovasjon og palliasjon. 

“Eg ser fram til å ta del i arbeidet med å gi innbyggarane i Haram kommune gode helse og omsorgstenester i åra som kjem.”   

Kommunalsjef skule og barnehage 

Portrettbilete av kvinne - Klikk for stort bileteLill-Therese Eidsvik Privat

Lill-Therese Hammerbekk Eidsvik er tilsett som kommunalsjef skule og barnehage i Haram kommune. Lill-Therese er i dag verksemdsleiar for barnehage i Haram og Sandøy. Ho er utdanna førskulelærar og er i ferd med å sluttføre ein mastergrad i utdanningsleiing. Frå tidlegare har ho nasjonal utdanning for styrarar i barnehage, og rettleiarutdanning. Lill-Therese har leiarerfaring tilbake til 2013. 

«Eg er utruleg takksam for tilliten, og ser fram til å ta fatt på ein svært viktig jobb i samarbeid med dyktige kollega». 

Ein attraktiv arbeidsplass 

Begge har akseptert tilbodet om tilsetting og vil starte opp i stillingane snarast, og seinast i løpet av august. Anders Norvald Hammer, som vert kommunedirektør i Haram 2024 etter nyttår, er glad for å vere i mål med tilsettingane.   

«Eg er glad for å ha fått på plass alle kommunalsjefane i Haram kommune i god tid før ferieavvikling og særs nøgd med kompetansen mine leiarar kan vise til. Det har vore god konkurranse om stillingane og det viser at Haram kommune er ein attraktiv arbeidsplass. Eg ser fram til å utvikle tenestene i samspel med denne gode gruppa, til beste for innbyggjarane i Haram kommune.»