Viktig informasjon om korona

Siste nytt

Ålesund, Sula og Giske følger nasjonale reglar frå midnatt 8. juni

Illustrasjon av koronaviruset - Klikk for stort bileteIllustrasjon av koronaviruset Den lokale forskrifta til Ålesund, Sula og Giske kommune går ut ved midnatt 8. juni og kommunane går då over til å følge dei nasjonale reglane. Samstundes skryter kommunane av innbyggarane for å ha støtta opp under smitteverntiltaka.

- Vi må rette ein stor takk til alle innbyggarane i dei tre kommunane. Dei siste vekene har smittetalla gradvis gått nedover og det viser at folk har følgt dei råda vi har gitt, at både unge og eldre, utelivet og andre bransjar har tatt koronasituasjonen på alvor. Det er veldig gledelig at vi no kan gå over til nasjonale råd og reglar og følge gjenopninga av Noreg, seier varaordførar Vebjørn Krogsæter.

Dei nasjonale reglane og råda kom ut 27. mai.  Her er eit utdrag av reglane som Ålesund, Sula og Giske skal følge frå midnatt 8. juni:

  • Maks 10 gjestar på besøk heime.
  • Hald 1 meters avstand til andre enn dei du bur saman med, kjærast eller 1-2 faste kontaktar om du bur aleine.
  • Barn i barnehage og barneskolar kan ha besøk frå eigen kohort.
  • Heimekontor for alle som har moglegheit til det.
  • Det er tillate med skjenking fram til kl. 24.00.
  • Maks 20 personar på privat samankomst utanfor eigen heim, som til dømes bursdag i leigd lokale. 

helsenorge.no finn du informasjon til innbyggarane om dei nasjonale råda og reglane. Denne plakaten viser ei grafisk framstilling av reglane: 

Plakat nasjonale råd og reglar frå 27. mai - Klikk for stort biletePlakat nasjonale råd og reglar frå 27. mai    
Ha framleis låg terskel for å teste deg!

Det er viktig at alle har låg terskel for å teste seg ved symptom, og når du kjem frå område med høgt smittetrykk er dette spesielt viktig. Sjølv om det no blir lette i koronatiltaka, må alle halde fram å følge smittevernreglane:

- Det er viktig at alle studentar som no kjem heim til kommunane å framleis ta korona på alvor. Det er viktig å ha låg terskel for å teste seg, og spesielt om du kjem frå ein kommune med høgt smittetrykk, seier kommuneoverlege i Ålesund, Olav Mestad.

No startar russetida – og smittevernreglane er framleis viktig!

Frå 8. juni startar årets russetid for alvor og Ålesund kommune er i dialog med russen om smittevern og korona.

- Vi oppmodar russen om å framleis halde god avstand til kvarandre sjølv om russetida no startar og dei omgås meir. Ålesund kommune vil følge opp med massetesting av russen og ha god dialog i vekene som kjem, seier kommuneoverlege Olav Mestad.

Til toppen