Innsyn er oppe igjen

Postlister, møteplan og Innsyn er nå tilgjengeleg igjen. Dei tekniske feila er retta. 

Siste nytt

Ålesund sa ja til 25 Moria-flyktningar

Eit fleirtal på 41 representantar i Ålesund kommunestyret har vedtatt at kommunen kan ta imot 25 flyktningar frå Moria-leiren i Hellas. Klikk for stort bildeForslaget frå kommunedirektøren fekk 41 røyster.  

Vedtaket er i tråd med kommunedirektøren si innstilling og tilrådninga frå formannskapet. 

Det kom inn tre forslag til endringar.

Frp meinte ein ikkje skulle ta mot nokre flyktningar. Dette forslaget fekk 16 røyster.

Høgre fremma forslag om at ein skulle overlate til FN å avgjere kva flyktningar ein skal ta imot i Noreg. Dette fekk 21 røyster.

Eit forslag frå Raudt om å ta imot 50 flyktningar fekk tre røyster.  Debatten om Moria-flyktningane varte i vel ein time, 

Vedtaket vart slik:
På bakgrunn av situasjonen som no har oppstått i Moria-leiren i Hellas, fattar Ålesund kommunestyre vedtak om at kommunen kan ta imot inntil 25 flyktningar frå denne leiren, dersom kommunen vert beden om dette frå sentrale myndigheiter. I dette talet inngår to einslege mindreårige. Kommunen ønsker primært at flyktningane som vert busette frå Morialeiren er familiar.
 

Til toppen