Siste nytt

Ålesund på 20. plass blant landets kommunar

I NHOs årlege kommune-NM er Ålesund nest best i fylket. - Vi er på rett veg, seier ordførar Eva Vinje Aurdal. Mann som spaserer på en veg mellom to hus - Klikk for stort bilete Peder Otto Dybvik  

Kvart år ser næringslivsorganisasjonen NHO på ulike indikatorar og kårar Noregs beste og verste kommunar. Rapporten kallast kommune-NM, og er ein årleg rangering av dei økonomiske prestasjonane og rammevilkåra for næringslivet i kommunane.

Av 356 kommunar kjem Ålesund på 20. plass. Langt over Kristiansund og Molde, som hamnar på høvesvis 119. og 49. plass. Sidan 2014 Ålesund har gått opp fire plassar. 

- Kommune-NM måler den økonomiske berekrafta til kommunen og potensiale for vekst, slik sett kan ein si at kåringen òg måler attraktivitet for næringslivet. Kommunar som blir høgt rangerte i Kommune-NM har gjerne høg yrkesdeltaking, høg del private jobbar, ein ung og kompetent arbeidsstyrke, høg næringsvariasjon og god kommuneøkonomi, står det i rapporten.

Nokon av indikatorane som blir brukte til å måle kommunane opp mot kvarandre er mellom anna: Næringsvariasjon, inntektsnivå, kjøpet til kommunen av private tenester, arbeidsløyse, befolkningsvekst, utdanningsnivå i befolkninga og betalingsevna til kommunen.

Sjå oversikt over alle kommunane i lander på NHO si heimeside.

Til toppen