Ordførar Eva Vinje Aurdal
Marit Brunstad
Med ein 21. plass er Ålesund den beste kommunen på Nordvestlandet, med Ulstein som nestbeste på ein 26. plass og Giske på ein 32. plass. Lista er ei rangering som er utarbeida av NHO om kvar dei mest næringsvenlege kommunar i landet er. På topp finn vi Sola kommune, medan Lavangen i Troms ligg på botnen av lista.
Ålesund klatrar frå ein 23. plass til ein 21. plass, mens Ulstein og Giske klatrar tre og to plassar frå fjoråret. På fylkesmålinga er Møre og Romsdal på ein 7. plass, same som i fjor, mens på 1. til 3. plass ligg Oslo, Rogaland og Viken.
-At vi berre er ein fattig plass i frå å vere blant dei 20 beste kommunane i Norge, er veldig bra. Vi er i alt 356 kommunar som kjempar om plasseringa i denne kåringa. Når vi scorar så høgt på desse viktige områda, seier det at Ålesund er ei næringsvennleg kommune. Det har vi jobba for og hatt som ein tydeleg ambisjon dei siste åra. Eg håper at denne satsinga vil fortsette - og at Ålesund vil kunne klatre endå høgare i framtida, seier ordførar Eva Vinje Aurdal.
Målar fem område
Kommune-NM er ein årleg rangering av dei økonomiske prestasjonane og rammebetingelsane for næringslivet i dei norske kommunar og fylke, og dei dekker fem temaområder: Nærlingsliv, arbeidsmarknad, demografi, kompetanse og kommuneøkonomi. Og i rangeringa målar dei fylka og kommunane sin økonomiske berekraft og potensiale for vekst, som og gjev attraktivitet for næringslivet.
Kommune-NM er ute lukkande basert på kvantitative data som er henta frå offisielle statestikkar.
Sjå resultata frå Kommune-NM