Ålesund og Kristiansund måler klimafotavtrykk

Ålesund og Kristiansund måler klimafotavtrykk

Ålesund og Kristiansund måler klimafottavtrykket av kommunale innkjøp med ny metode.  Målet er at kommunar skal bli betre til å gjere grøne innkjøp.

illustrasjon: Et kakediagram med forskjellige farger som er knyttet til tekst og tall. - Klikk for stort bileteFiguren viser kva område som set størst klimafotavtrykk når det gjeld innkjøp. ill: Klimakost  

Det offentlege kjøper inn varer og tenester for omlag 500 milliarder kroner årleg og klima- og miljøbelastninga frå slike innkjøp er på rundt 14 % av Noregs totale klimafotavtrykk (tal frå Miljødirektoratet).

Kjøp av varer og tenester og å inngå bygge- og anleggskontraktar er ein nødvendig og viktig del av tenesteproduksjonen til kommunen. Samla kjøpte kommunane som er blitt Ålesund kommune, varer og tenester for 1,85 milliardar kroner i 2018 eks.mva. Av dette utgjer rundt 0,46 milliardar investeringar innan bygg og anlegg. Kristiansund gjorde innkjøp for 1,1 milliardar inkl. mva.

Ved hjelp av  verktøyet Klimakost og i samarbeid med Asplan Viak, har dei to kommunane laga ein analyse som viser kor store klimafotavtrykk innkjøpa deira utgjer.  Denne analysen skal også hjelpe fleire kommunar i innkjøpssamarbeidet å sjå på kva innkjøp som er viktige å ta tak i og kvar det er viktig å sette miljøkrav til leverandørar.   

Hogne Nersund Larsen i Asplan Viak meiner nybrottsarbeidet dei gjer for Ålesund og Kristiansund  kan ha store samfunnsmessige konsekvensar:

-  Kommunar og annan offentleg verksemd har ei spesielt viktig rolle i å stille gode miljø- og klimakrav i sine innkjøp. Gjennom dette kan dei påverke ikkje berre sitt eige klimafotavtrykk, men vere med på å vri alle leverandørar i ei meir klimavennleg retning. Dette prosjektet vil gje Ålesund og Kristiansund viktig kunnskap om å bruke analysar av klimafotavtrykk som grunnlag for gode klimavennlege innkjøpsstrategiar.

Klima- og miljøkrav i offentlege innkjøp er -  ifølge Miljødirektoratet, spesielt relevante i bygg og anlegg, transport, avfall, vann og avløp.

Anna Linnea Birgitta Zäll Privat   

- Gjennom dette prosjektet vil vi kartlegge korleis kommunens verksemder påverkar miljøet, seier Anna Zäll som er tilsett i konserninnkjøp i Ålesund kommune.

- Når vi veit kvar kommunen set størst klimafotavtrykk, kan vi sette inn effektive tiltak for å redusere utsleppa av klimagassar og nå kommunens klimamål.

Analysen fortel at i Ålesund kommune er det særleg fire område som set store klimaavtrykk når det gjeld innkjøp innan:

  • Bygg - både å bygge og drifte bygga har stor påverknad på klimaet
  • Anlegg – forbruker store mengder fossilt drivstoff
  • Transport – forbruker store mengder fossilt drivstoff
  • Forbruksvarer - å produsere nytt materiell er ressurs- og energikrevjande

Analysen er gjennomført med støtte frå prosjektet Byen som regional motor i regi av Møre og Romsdal fylkeskommune og Klimasats.

Langsiktig jobbing

Konserninnkjøp i Ålesund kommune gjennomfører innkjøp for alle kommunane på Sunnmøre og for Vestnes kommune. For desse kommunane, er analysen ein del av eit anna toårig prosjekt som Ålesund kommune leiar. 

Målet med dette prosjektet er å bygge opp kunnskap om klimavennlege innkjøp. Og sjølv om Ålesund kommune fekk utmerkinga årets Svanemerke for å vere best på å stille miljøkrav i innkjøp i 2018, er det framleis ein veg å gå seier Zäll som er tilsett i ei toårig prosjektstilling for å  gjere kommunane betre til å gjere grøne innkjøp.


- Prosjektet er eit samarbeid mellom kommunane i innkjøpssamarbeidet. Vi har god tru på at resultatet frå kartleggingsprosjektet vi gjer saman med Asplan Viak og Kristiansund, skal gje eit godt utgangspunkt for vidare arbeid.

I juni kjem den endelege rapporten frå Asplan Viak.  Då vil kommunane sjå på  kva som er viktig å ta tak i når det gjeld innkjøp og korleis kommunane  skal måle utviklinga av avtrykka når innkjøpa blir meir klimavennlege.

Til toppen