Siste nytt

Ålesund kommune unngår ROBEK    

Den førebelse rekneskapen for 2020 viser at kommunen unngår innmelding i ROBEK. Ålesund kommune hadde eit meirforbruk i fjor, men mindre enn prognosen viste.

Ålesund rådhus - Klikk for stort bileteÅlesund rådhus 

Ordførar Eva Vinje Aurdal seier ho er glad for nyheita :

Å unngå ROBEK er den aller viktigaste målsettinga. Det betyr at vi har økonomisk handlefridom til vidare utvikling av kommunen for å møte framtida, det ligg ein stor omstillingsprosess bak – og det er mange tilsette i Ålesund kommune som fortener ein stor takk for innsatsen.

Siste prognose i fjor haust viste eit meirforbruk på 159 millionar. No viser den førebelse rekneskapen eit meirforbruk på om lagt 142 millionar kroner.

Det er gledeleg at rekneskapen slik den ligg no, viser eit bedre resultat enn den prognosen vi såg på slutten av fjoråret, seier økonomisjef Lars Fylling.

Det kortsiktige målet med å unngå å kome på ROBEK-lista ser ut til å vere nådd, seier kommunedirektør Astrid Eidsvik. 

Eg vil takke alle tilsette for den innsatsen som er gjort for å klare å nå dette målet.  Omstillingsarbeidet vil likevel fortsetje framover for å få ein god og sunn økonomi inn i framtida.  Det er derfor gledeleg at vi kan ta med oss den positive utviklinga frå fjoråret inn i januarresultatet vårt. Det vil gagne arbeidet framover, seier ho.

Kommunen understreker at rekneskapen viser førebelse tal som ikkje er reviderte. Etter planen, skal kommunestyret behandle rekneskapen i sitt møte i juni.

Årsberetninga - som er den tekstlege delen knytt til årsrekneskapen, vil vere ferdig til fristen i kommunelova (31. mars).

Ureviderte KOSTRA-tal vil vere tilgjengelege hos SSB (Statistisk Sentralbyrå) 15. mars.

Til toppen