Eivind Bjerksetmyr NAKU («Nettverk for inkluderende forskning sammen med personer med utviklingshemming»
Ålesund kommune
Målgruppa for prosjektet er born, unge og vaksne med utviklingshemming, og alle tilsette med som jobbar med desse brukarane.
Kick-off arrangementet var godt besøkt, med mange gode innlegg frå talarar. Kommunalsjef Synnøve Vasstrand Synnes innleia dagen med å introdusere mandatet for prosjektet og sat det inn i ein større samanheng.
– Det er behov for endring i tenestene for ei berekraftig utvikling. Ein ser ei utvikling med endra alderssamansetting i befolkninga, press på tenestene og mangel på helsepersonell. Betre kompetanse kan vere ein del av løysinga.
Norsk Forbund for Utviklingshemma, ved lokallagsleiar Janne Muri og Landsstyremedlem/Fylkesstyremedlem Svein-Rune Johannessen heldt eit innlegg om samarbeid med pårørande og brukarstemmeperspektivet.
Vil gi betre tenester til fleire
Ålesund kommune har mange dyktige tilsette som jobbar med personar med utviklingshemmingar. I enkelte av avdelingane er det tilsette med særleg god kompetanse på utviklingshemming som rettleier intensivt i avdelinga.
I desse avdelingane får nytilsette rettleiing og auka kunnskap om dette fortløpande, men ikkje alle avdelingar har slike «nøkkelpersonar». Dette gir ujamn kvalitet internt i kommunen. Det er også svært sårbart når desse personane går ut i permisjon, blir sjukmelde og liknande.
Mål om jamn kvalitet
Prosjektet “eit kvalitetsløft i tenestene til personar med utviklingshemming” tek sikte på å både auke kompetansen til dei tilsette i desse avdelingane, og å jamne ut forskjellane mellom avdelingane.
Eit av tiltaka er oppretting av eit fagnettverk for mellomleiarar og ressurspersonar. Dette nettverket vil fungere som ei plattform for deling av fagkunnskap og erfaringar. Slik kan ein bli mindre avhengig av desse nøkkelpersonane, og spreie fagkunnskapen jamnare i organisasjonen.
Det andre hovudtiltaket er å gi opplæring i "mitt livs ABC," som er ei opplæringspakke for dei som yter tenester til personar med utviklingshemming. Denne opplæringa gir mellom anna god kunnskap om lovverket og etikk, brukarmedverknad, psykiske lidingar i kombinasjon med utviklingshemming, og metodar for motivasjon, læring og endring.
Kva er bakgrunnen for satsinga?
I 2021 kom det ein ny nasjonal rettleiar, “gode helse- og omsorgstenester til personar med utviklingshemming”, frå helsedirektoratet. Denne konkretiserte det gjeldande lovverket, og ga klare eksempel på korleis ein skulle legge til rette for personar med utviklingshemmingar. Rettleiaren dannar mykje av grunnlaget for arbeidet i fagnettverket, og for opplæringa dei tilsette vil få i “mitt livs ABC”-opplegget.
Ålesund kommune er vertskommune for Utviklingssenteret for sjukeheimar og heimetenester i Møre og Romsdal (USHT). Slike senter finst i alle fylke, og skal bidra til å spreie ny kunnskap og nye løysingar i helse- og omsorgssektoren. Ålesund kommune er vertskap i Møre og Romsdal, og dreg no nytte av at USHT har finansiert ei halv stilling til dette prosjektet.
Ålesund kommune sitt vedtak om å prioritere den nasjonale reformen "Leve heile livet" som satsingsområde, og den komande reformen "Bo trygt heime", er også eit viktig grunnlag for prosjektet. Begge desse helsereformene tek sikte på å skape eit meir aldersvennleg samfunn, der fleire eldre kan leve aktive liv lengre og oppleve tryggleik ved å bu i eigen heim.
Dette heng saman med dei utfordringane, og moglegheitene, som kjem i samband med eit aldrande samfunn. Samstundes er det ikkje berre eldre som treng fleire og andre tenester. Levealderen til personar med utviklingshemming har auka og nokre lev like lenge som i befolkninga elles. Det er særskilde utfordringar knytte til aldring for personar med utviklingshemming, og då er det viktig at dei tilsette i kommunen har kunnskap om dette.