Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Ålesund kommune tilbyr testing for personer med symptom på koronavirus (covid-19) ved teststasjonen på Åse.  Information about corona in other languages. 

Siste nytt

Ålesund kommune støtter Kystdirektøren si tilråding

Klikk for stort bildeOrdførar Eva Vinje Aurdal og varaordførar Vebjørn Krogsæter Ålesund kommune  

Kystdirektøren har måndag 3. februar lagt fram ei utgreiing om ny framtidig organisering av Kystverket.  – Dette er ein fagleg svært solid utgreiing som vil gi samfunnet meir Kystverk for mindre pengar, seier ordførar Eva Vinje Aurdal.

I framtida blir det tilrådd at Kystverket skal gå frå ei regional organisering til ei funksjonsorganisering. Dette vil gi klarare interne styringslinjer, betre samordning og betre ressursutnytting, samtidig som Kystverket framleis er til stades langs heile kysten.

- Kystdirektøren har lagt fram eit fagleg tungt og godt forslag til ny organisering av Kystverket. Vurderinga vår er at Kystdirektørens rapport er grundig. Den nye organisasjonsmodellen vil sikre meir effektiv forvaltning, og betre resultat. Det gir samfunnet meir Kystverk for mindre pengar, seier ordførar Eva Vinje Aurdal. 


Havnæringane er Noregs viktigaste inntektskjelde, og den nye organiseringa av Kystverket vil bidra til å styrke desse næringane ytterlegare. Det er viktig for arbeidsplassar og verdiskaping over heile Noreg.


- Vi deler Kystdirektørens oppfatning av at dei alternative organisasjonsmodellane, der Kystverket blir splitta opp, vil gi høgare kostnader og dårlegare kvalitet. Vi føreset derfor at Samferdselsdepartementet følgjer det fagleg eintydige rådet frå Kystdirektøren, og tar ei avgjerd så raskt som mogleg, seier varaordførar Vebjørn Krogsæter. 


Den nye organiseringa vil løfte Kystverket som transportetat i samsvar med transportpolitiske målsetjingar, ikkje minst i forvaltninga av havrommet og nordområda, og i forhold til miljø og beredskap.


Sjå utgreiinga på Kystverket si nettside.
 

Til toppen