Koronaviruset

Her finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Vår informasjonstelefon om korona 70 16 40 60 er betjent frå klokka 08.30 - 15.30 på kvardagar.

Gå til temaside om koronaviruset.

Information about corona in other languages.

Vil du bidra eller treng du bistand?

Siste nytt

Ålesund kommune stenger alle skolar

Ålesund kommune stenger alle skolar frå i morgon, fredag 13. mars. Stenginga gjeld barne- og ungdomsskolar – private og kommunale, alle vidaregåande skolar i Ålesund kommune og kulturskolar i kommunen. Dette gjeld også SFO. Når det gjeld stenging av barnehagar, avventar Ålesund kommune råd frå sentrale myndigheiter.

Forebyggande tiltak

Ut i frå situasjonen og eit forebyggande perspektiv, har Ålesund kommune bestemt å stenge alle skolar i Ålesund kommune.

Stenginga er gjort i tråd med Smittevernlova § 4-1, 1. ledd bokstav b) «stenging av virksomheter som samler flere mennesker, f.eks. barnehager, skoler, svømmehaller, flyplasser, butikker, hoteller eller andre bedrifter og arbeidsplasser – eller begrensninger i aktiviteter der,»

Stenginga vil gjelde fram til etter påske om ikkje anna beskjed  blir gitt.

Stenginga gjeld barne- og ungdomsskolar – private og kommunale, Newtonrommet, alle vidaregåande skolar i Ålesund kommune og kulturskolar i kommunen. Dette gjeld også SFO.

Undervisninga for elevane blir forsøkt gjennomført ved fjernundervisning.
Tilbodet om skole ved UPA blir førebels halde ope.

Åse barneskole, Spjelkavik og Kolvikbakken ungdomsskolar er allereie stengte.

Ber kritiske personell kome på jobb

Kommunen er klar over at dette vil føre til utfordringar i mange familiar. I den grad foreldre/føresette må vere heime med barn, vil kommunen oppmode om at den som arbeider i helsevesenet eller har samfunnskritiske oppgåver, prioriterer å gå på jobb.

Dette gjeld ved stenging av skolar

At skolen blir stengt, betyr ikkje at elevane er i heimekarantene. Elevane blir likevel oppmoda om å følgje heimekarantenereglane for å hindre smitte.

Folkehelseinstituttet skriv dette om heimekarantene:

Hjemmekarantene anbefales for:
•             Nærkontakt til bekreftet tilfelle, det vil si de som har hatt nær kontakt med et bekreftet tilfelle, inkludert de som bor sammen med bekreftet tilfelle.
•             Helsepersonell som er husstandsmedlemmer til mistenkte tilfeller, inntil svar på laboratorieprøve foreligger
•             Karantene gjelder også for alle personer som har vært i områder med utbredt spredning av koronavirus. Det betyr at alle som har vært i områder med utbredt spredning skal holde seg hjemme i 14 dager etter hjemkomst, uavhengig av om de har symptomer eller ikke.

Her er Folkehelseinstituttets råd om heimekarantene.

Kommunen oppmodar om varsemd

Ålesund kommune ber alle tilsette og innbyggarar som har vore i område med smitte, gå i heimekarantene.

Se den oppdaterte lista over gjeldande område frå Folkehelseinstituttet.

Dei som veit at dei har hatt nærkontakt med koronasmitta, må gå i heimekarantene.

Barnehagar

Når det gjeld stenging av barnehagar, avventar Ålesund kommune råd frå sentrale myndigheiter, men følger situasjonen nøye og vil komme med meir informasjon i løpet av dagen.

Til toppen