Ålesund kommune oppmodar skulane om å markere mangfald og inkludering

Det har vore ein del merksemd rundt Pride og skolane sine markeringar av Pride. Åse skole valde å ta ned regnbogeflagget, men no vert flagget på skolen heisa igjen.

Regnbuefarget flagg som vaier mot himmelen - Klikk for stort bilete

Juni er Pride-månad, og i det høvet er det planlagt markering i byen. Skolane i kommunen vel sjølv korleis dei ønsker å forhalde seg til feiringa, men er oppmoda om å markere mangfald og inkludering.   

– Mangfald er ein viktig verdi for skulane og barnehagane i Ålesund , og difor bruker vi Pride som eit høve til å arbeide for verdiar som menneskeverd, toleranse og respekt for andre, seier kommunalsjef for oppvekst Bjørn Ivar Rødal 

Flagg til topps 

Ved Åse skole valde ein å ta ned regnbogeflagget, i eit forsøk på å legge til rette for at ein elev fekk kome på skole i samband med noko eleven hadde gleda seg veldig til. No er det ivaretatt, og rektor ved skolen, Vigdis Rønning ønsker no å ta omsyn til alle andre borna. Skolen har no vald å heise flagget igjen. 

– For oss og elevane symboliserer flagget gode, positive verdiar som mangfald og toleranse. Det har ikkje noko med politikk å gjere, det er ikkje eit fokus for oss. Dette er verdiar vi jobbar med kvar dag, men har ekstra fokus på no i juni. Vi har garantert elever som vil vise seg å vere skeive, vi har foreldre og tilsette som er skeive, og vi vil vise at vi stiller oss bak dei uansett kven dei er og kva legning dei har. 

Ein del av læreplanane 

Markering av Pride blir gjort som ein del av oppfølging av rammeplan for barnehage og læreplanverket i skole.  

– Skulane tilpassar undervisinga til dei ulike elevane. Det kan være alt frå å teikne regnbogeflagget, diskutere mangfald til å ha egen mangfaldsparade på skulane. 

Mange av skolane flaggar også med regnbogeflagget i juni som ein del av opplegget rundt Pride. Det er skolane sjølve som tek avgjerd om kva måte dei vil markere Pride på.