Illustrasjonsfoto
Ålesund kommune, Marit Brunstad
I Ålesund kommune er det i dag 1400 brukarar med tryggleiksalarm. Av desse er det om lag halvparten som er av typen GX-8 og GX-MAX8; og det er hos desse at feilen har blitt observert.
Brukarane med tryggleiksalarm har trykknappar på seg, anten som eit armband eller eit smykke, som dei skal kunne nytte til å tilkalle hjelp. Det er desse trykknappane ein no skal kontrollere, for å sikre at alarmen fungerer.
Feilen gjeld berre desse to alarmane, andre typar fungerer slik dei skal.
Tryggleiksalarm av typen GX-MAX8
Tryggleiksalarm av typen GX-8
Vert kontakta så raskt som råd
Kommunen sett no inn ekstra ressursar for å raskt kunne kontrollere at alle trykknappane det gjeld er fungerande. Dei som har desse alarmane vil bli kontakta av kommunen så fort det let seg gjere.
Vi ber samstundes om at brukarar og pårørande ikkje testar på eigenhand, og gir dei tilsette og alarmsentralen ro til å utføre testinga. Å teste i eigen regi vil kunne overbelaste alarmsentralen, og føre til at dei som treng hjelp ikkje får det.
Viktig å avklare omfanget
Kommunen vart gjort oppmerksam på feilen torsdag ettermiddag, og fekk raskt utarbeida ein handlingsplan som allereie no er sett i verk. Heimetenesta håper å få kontrollert mange brukarar i løpet av helga.
Tryggleiksalarmane vart kjøpt inn i fellesskap med totalt 28 kommunar. Det vil derfor vere eit omfattande arbeid for mange kommunar i tida framover. Våre tilsette jobbar no for å finne ei løysing på problemet, i tett samarbeid med leverandør.
Kommunalsjef Synnøve Vasstrand Synnes er opptatt av at ein må finne ei løysing snarast.
“Det viktigaste er at vi raskt får avklart at alarmane fungerer som dei skal, slik at brukarane kan ha tillit til at hjelpa kjem om dei skulle ha behov for det.”
Kommunen vil også orientere Fylkeslegen om feilen.
Dei som har spørsmål eller viktig informasjon, bes ta kontakt på tryggheitsalarm@alesund.kommune.no
Ved akutt sjukdom ring 113.
Ved behov for ordinær helsehjelp, kontakt heimetenesta i din kommunedel.