Ålesund kommune har signert samarbeidsavtale med Røde Kors

Sjølv om dei ulike lokallaga i Røde Kors og kommunen har samarbeida om ulike hendingar tidlegare, har partane no vald å formalisere samarbeidet i ein avtale. Slike samarbeid er heilt nødvendige, forteller ordførar Eva Vinje Aurdal.

Kvinne i forgrunnen signerer papir, fleire ser på i bakgrunnen - Klikk for stort bileteOrdførar Eva Vinje Aurdal signerer avtalen på vegne av Ålesund kommune Jon Åge Giske Andersen

– Eg bruker å kalle frivilligheita for Noregs adel, så det er fint folk med oss i salen i dag. Samfunnet vårt er heilt avhengig av samarbeid med frivillige aktørar, vi som kommune kan ikkje løyse alle problem som oppstår, sa ordførar Eva Vinje Aurdal innleiingsvis.

Avtalen legg til rette for beredskapssamarbeid mellom Ålesund kommune og dei 6 lokale Røde Kors foreiningane som er Aalesund Røde Kors, Brattvåg Røde Kors, Vatne/Tennfjord Røde Kors, Skodje Røde Kors, Spjelkavik Røde Kors og Ørskog Røde Kors.

Samarbeid i fredstid

Utgangspunkt for samarbeidet er Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) sin visjon om eit trygt og robust samfunn der alle tek ansvar, og Røde Kors sitt oppdrag om å avdekke, hindre og lindre menneskeleg naud og liding.

Avtalen mellom partane gjeld i fredstid og inkluderer samarbeid før, under og etter ekstraordinære hendingar. Dette har vi som lokalsamfunn vore gjennom fleire gongar dei siste åra, både med pandemi, evakueringar og mottak av flyktningar frå Ukraina. 

Partane er veldig glade for å ha fått ferdigstilt og inngått avtalen.

Mann snakkar i mikrofon - Klikk for stort bileteAvtalen mellom Røde Kors og kommunen er tufta på mellom anna verdiane til organisasjonen. Å avdekke, hindre og lindre menneskelig nød og lidelse Jon Åge Giske Andersen