Siste nytt

Ålesund kommune har sett krisestab

Bilde av brannen i Steinvågen - Klikk for stort bileteBilde av brannen i Steinvågen Som følgje av brannen i Steinvågveien 43 har Ålesund kommune sett krisestab. Kommunen tar seg av dei 17 som er evakuert frå brannstad og frå nærliggande bustader.

- Kommunen følgjer opp dei evakuerte og lokalt psykososialt kriseteam er òg inne og hjelper dei evakuerte, seier kommunedirektør Astrid Eidsvik.

-Å oppleve brann og at heimen din står i flammer har vore ei skremmande oppleving for bebuarane. Alle etatar i Ålesund står no samla om å bistå så godt vi kan, seier ordførar Eva Vinje Aurdal.

Til toppen