Koronaviruset

Har du spørsmål om korona? Ring informasjonstelefonen 90 27 15 79 (open måndag til fredag kl. 09.00 - 15.00).  Dette nummeret kan ikkje brukast for bestilling av test eller vaksine. På vår samleside finn du alt om testing, vaksinering og smittetal i kommunen.

Siste nytt

Ålesund kommune førebur ein meir normal kvardag

Frå laurdag 25. september klokka 16.00 går vi over til ein meir normal kvardag utan restriksjonar, men med auka beredskap. Dette betyr det for deg som innbyggar i Ålesund.Blid ordfører i Ålesund kommune - Klikk for stort bilete 

- Gratulerer med dagen til kommunens innbyggarar! Laurdag 25. september er ein merkedag. Vi passerer ein målstrek no som i 1,5 år har flytta på seg heile tida. No har vi godt av å oppleve det som vi har mista i koronatida, det å kunne samlast igjen og oppleve ting i fellesskap, seier ordførar Eva Vinje Aurdal.

Dette er det som gjeld i ein normal kvardag med auka beredskap. Sjå pressemelding frå regjeringa.

Her ser du nokre av restriksjonane som forsvinn frå laurdag 25. september.

  • Meteren blir avvikla
  • Alle restrikasjonar for reise innanlands blir fjerna
  • Restriksjonar knytt til arrangement og samankomster blir oppheva
  • Innslippsstopp og krav om bordpassering på serveringsstader forsvinn

Kommuneoverlegen forklarer kva denne overgangen betyr:

- Med ein normal kvardag betyr det at vi som innbyggarar må ta meir ansvar for å varsle nærkontaktar om ein likevel blir smitta. At dei som er i karantene kan gjennomføre eigentesting som alternativ. Vi må framleis vaksinere oss og oppretthalde testkapasiteten, seier kommuneoverlege Olav Mestad.

Slik blir smittesporing, testing og karantene framover

Frå måndag 27. september er det nedjustert TISK (testing, isolasjon, smittesporing og karantene) som gjeld. Dette inneber auka bruk av sjølvtestar for alle, at færre må i karantene og at kommunen driv målretta smittesporing. Det er framleis krav om at du skal isolere deg dersom du har covid-19.

Les meir om testing her på heimesida.

Det blir anbefalt at uvaksinerte/vaksinert med første dose som bur saman med ein som er vorte smitta, testar seg eller går i karantene. Det gjeld uavhengig av om ein får symptom eller ikkje. Andre uvaksinerte nærkontaktar treng ikkje å gå i karantene, men bør ta ein test.

Meir informasjon

Til toppen