Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Ålesund kommune tilbyr testing for personer med symptom på koronavirus (covid-19) ved teststasjonen på Åse.  Information about corona in other languages. 

Siste nytt

Ålesund framtidslab har fått nettside

Ålesund framtidslab har fått eigen nettside. Her kan du sjå kven som er partnar i laben og kva prosjekt som er i gang – i tillegg til å lese om sjølve framtidslaben og tankane bak den. Gå inn på alesundframtidslab.no

Klikk for stort bildeFrå Ålesund framtidslab 

Prosjekt

Ålesund framtidslabs kjerne, nav og drivkraft er smarte og berekraftige prosjekt. Framtidslaben ønsker at alle partnarar skal delta i minst eitt prosjekt til ei kvar tid – små eller store. Framtidslabens rolle er å vere fasilitator og å legge til rette for gode samarbeid. I botnen av alle prosjekta ligg FNs berekraftsmål og utgangspunktet for arbeidet i Ålesund framtidslab er FNs analyse av kor berekraftige og smarte samfunn er.

Nokre av prosjekta kan ha bedrifter i førarsetet, medan andre kan være initierte av akademia eller offentlege instansar.  

På nettsida finn du oversikt over prosjekta som er i gang og kva berekraftsmål dei er knytt til. Du finn også sjølve FN-analysen, under Om oss og Rapportering for framtida.

Partnarar

Per i dag har framtidslaben 45 partnarar og fleire er i ferd med å signere avtale. Partnarane i Ålesund framtidslab deler kunnskap, kompetanse og idear for å finne smarte løysingar på felles utfordringar og er både lokale, regionale, nasjonale og internasjonale. Du finn oversikt over alle partnarar på nettsida.

Nettsida har også ein nyheitsseksjon og ein kalender der du kan følge med på aktiviteten knytt til framtidslaben, partnarane og prosjekta.

-    Å ha ei eigen nettside er eit ledd i arbeidet med å vise fram Ålesund framtidslab, partnarane og arbeidet som skjer knytt til laben, seier kommunikasjonsansvarleg Anne Bente Skjellum.

-    Gjennom å vise fram kva vi faktisk gjer, kven som er er partnarar og kva som skjer i laben, håper vi at det skal vere lettare å forstå kvifor Ålesund framtidslab er etablert.

Ein del av FN

Ålesund framtidslab - U4SSC ip er ein del av FNs program for smarte og berekraftige byar - United for Smart and Sustainable Cities (U4SSC ip). Framtidslaben har partnarskap mellom aktørar frå privat næringsliv, akademia og offentleg sektor lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Målet er å bidra til å nå FNs berekraftsmål.
FNs berekraftsmål er verdas felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, kjempe mot ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. Berekraftig utvikling handlar om å ta vare på behova til menneske som lever i dag, utan å øydelegge framtidige generasjonar sine mogelegheiter til å få dekt sine. Berekraftsmåla reflekterer dei tre dimensjonane i berekraftig utvikling: Klima og miljø, økonomi og sosiale forhold.

Til toppen