Ålesund får ekstra pengar

Ålesund får ekstra pengar

Ålesund kommune får 44.9 millionar kroner i ekstra løyving frå staten i samband med utbrotet av koronavirus.Ålesund - Klikk for stort bileteÅlesund 

Midlane kjem i tillegg til dei 4,9 millionar kroner som kommunen har fått som skjønnsmidlar frå Fylkesmannen. 

Pengane skal dekka auka utgifter i samband med drift av kommunen som følgje av utbrotet.

Det er òg vedteke redusert arbeidsgjevaravgift for mai og juni, noko somk vil føra til ei innsparing for kommunen på omlag 10-12 millionar kroner.

Det er for tidleg å seie om  det er nok midlar til å dekka opp for ekstrakostnader og reduserte inntekter.
Det er knytt stor usikkerheit til kor stor reduksjon kommunen vil få i skatteinntekter framover. Reduksjonen kan bli betydeleg. 

Samla får kommunane i Møre og Romsdal overført 273 millionar kroner ekstra frå staten

Til toppen