Siste nytt

Ålesund og Kristiansund måler klimafotavtrykk

Ålesund og Kristiansund måler klimafottavtrykket av kommunale innkjøp med ny metode.  Målet er at kommunar skal bli betre til å gjere grøne innkjøp.    

Skal du bygge?

Har du tenkt å snekre noko på eigedommen din? Frå 1. mai 2021 kan fleire bygge terrassar og tilbygg utan å søke. For å finne ut om dette gjeld deg, sjekk her før du går i gang.

Har nådd milestolpe i Bypakke Ålesund

  Arbeidet med kvalitetssikring av Bypakke Ålesund og E136 Breivika-Lerstad er no i gang. Torsdag 7. mai var Samferdselsdepartementet, Finansdepartementet, Statens vegvesen og konsulentar samla til oppstart av arbeidet med ekstern kvalitetssikring av E136 Breivika – Lerstad og Bypakke Ålesund. 

Ålesund får ekstra pengar

Ålesund kommune får 44.9 millionar kroner i ekstra løyving frå staten i samband med utbrotet av koronavirus.  

Vatn i fokus

Vatn er den viktigaste ressursen på jordkloden. Når drikkevatnet vert forureina får det enorme konsekvensar. Onsdag var filmen om vasskandalen i Flint USA vist på Løvenvold kino som opptakt til Verdens vanndag den 22. mars. 

FN-analysen er klar

FN har analysert Ålesundregionen og kor smart og berekraftig vi er. Analysen er eit godt utgangspunkt for å sjå kva tema vi skal arbeide vidare med. Arbeidet vil vere både politisk og administrativt og vere ein moglegheit for næringslivet til å utvikle konkrete og berekraftige businesskonsept.

Signering av første universitetskommuneavtale

NTNU og kommunen signerte 30. januar 2020 ein atvale om samarbeid om smart helse og velferd. Avtalen skal blant anna bygge opp primærhelsetenesten som ein arena for forsking og nyskaping - noko som vil kome innbyggarane til gode.

Fatta målvedtak i kommunestyret

Ålesund kommunestyre har fatta målvedtak med 40 mot 36 stemmer 12. desember om blant anna at kommunen skal bruke nynorsk i utforminga av internett- og    intranettsidene, informasjonsmateriale og kunngjeringar, lokale forskrifter, reglement og retningslinjer.
Til toppen