Siste nytt

7. januar kl. 08.00: Ingen streik innan helse og omsorg

Spjelkavik omsorgsenter  - Klikk for stort bileteSpjelkavik omsorgsenter er ein av dei verksemnde som vil bli berørt av ein eventuell streik.

 

Fem timar på overtid blei streiken avverga, og KS har inngått avtale med Norsk Sjukepleiarforbund. Meklingsløsningen innebærer at NSF omfattes av den samme Hovedtariffavtalen som gjelder for resten av kommunesektoren, med en samlet ramme på 1,7 prosent. I tillegg er partene enige om å jobbe videre med ulike tiltak for å bedre rekruttering av sykepleiere.

Sjå meir informasjon om oppgjøret på KS sine sider.  Norges Sjukepleiarforbund har óg informasjon om avtalen på sine sider.  

Tidligare nyheitssak om streiken onsdag 6. januar: 


Mogleg streik innan helse og omsorg frå 7. januar

Ålesund kommune har fått meldt om plassfratredelse på 28 medlemmar i Norsk sjukepleiarforbund (NSF). Det er pågåande mekling mellom NSF og KS i tariffoppgjør for 2020. Fristen for mekling går ut ved midnatt 6. januar. 

Dette er dei berørte verksemdene og antall medlemmar som er tatt ut i streik: 

  • Spjelkavik omsorgssenter - 12
  • Åse helsehus - 9
  • Skodje og ørskog omsorgsdistrikt – 1
  • Skarbøvik sykehjem - 1
  • Aspøy omsorgssenter - 1
  • Koordinering og tildeling - 1
  • Forebygging og meistring – 1
  • Stab personal og organisasjon - 2
  • Totalt 28 tilsette

 

Dette er nokre av konsekvensane ved ein eventuell streik

 

  • Sjukepleiarbemanning på institusjonar og heimeteneste i berørte verksemnder kan bli redusert til tilsvarande nivå som i helg. 
  • Lågare bemanning kan mellom anna bety mindre kapasitet til å ta imot besøk frå pårørande. 
  • Kapasitet til å ta imot ferdigbehandla pasientar frå sjukehus kan bli redusert. 


Skal ikkje ramme planlagt vaksinering

Ålesund kommune har fått lovnadar frå Norsk sjukepleiarforbund om at streiken ikkje vil ramme den pågåande vaksineringa. Kommunen får søke dispensasjon for personell som skal utføre vaksinasjonsarbeid. 


- Kommunen har søkt dispensasjon for ei rekke tilsette for å oppretthalde ei forsvarleg drift på våre kommunale tenester, seier stabssjef for personal og organisasjon Roar Reiten. 

Ålesund kommune vil ved ein eventuell streik vere i dagleg dialog med Norsk sjukepleiarforbund lokalt.  

 

Kommunalsjef for helse og omsorg, Synnøve Vasstrand Synnes - Klikk for stort bileteKommunalsjef for helse og omsorg, Synnøve Vasstrand Synnes - Det er viktig for Ålesund kommune at ein eventuell streik ikkje skal gå ut over liv og helse, seier Synnøve Vasstrand Synnes, kommunalsjef for helse og omsorg,. 


Fem kommunar har fått varsel

NSF har sendt ut varsel om plassfratredelser i 5 kommunar, Ålesund, Bodø, Kristiansand, Tromsø og Gjøvik. Det er flest som er varsla i Ålesund kommune, totalt 28 tilsette. Ein eventuell streik vil starte 7. januar kl. 06.00.  

Til toppen