Klage på gebyr på kommunale avgifter og eigedomsskatt

Ålesund kommune trekk tilbake faktura for eigedomsskatt og gebyr. Ønsker du å klage på grunn av feil i gebyrgrunnlaget eller eigedomskatten kan du enten gjere det via vårt digitale klageskjema, e-post til postmottak eller ordinær post. Du finn meir informasjon om innsending av klage på vår temaside om kommunale avgifter og eigedomsskatt.

Siste nytt

24 stemte mot maktoverføring

Kommunestyret klarte ikkje å einast om å overføre mynde frå kommunestyret til formannskapet. 24 av kommunestyret sine 77 representantar stemte mot forslaget om overføring av mynde. Det var Rødt sin representant Malene Strømmen Malakzadeh som fronta dei som stemte mot.

Her er heile kommunestyret samla til møte  - Klikk for stort bildeHer er heile kommunestyret samla til møte Øyvind Heggstad  

Før det historiske kommunestyremøte, informerte kommuneadvokat Olav Aarø at eit samrøystes kommunestyre måtte røyste for maktoverføringa for at ein kan få eit gyldig vedtak.

Men under debatten vart det klart at Rødt ikkje ville vere med på dette. I følgje Strømmen Malakzadeh har partiet Rødt gitt råd til sine kommunestyrerepresentantar om å ikkje gå med på slike maktoverføringer.

Det var ingen andre representantar som i møtet varsla at dei ville stemme nei. Men under avrøystinga, som vart gjort skriftleg, viste det seg at mange valde å gjere som Malakzadeh, og røyste mot forslaget.

Klikk for stort bildeHans Kjetil Knudsen frå Ålesundslista tok ordet under skypemøtet Øyvind Heggstad Frp ynskja å fremme eit eige forslag. Men det var ikkje opning for i dette møtet. Håkon Lykkebø Strand varsla då at Frp ville røyste mot forslaget.  Også Partiet de Kristne, Venstre og Pensjonistpartiet stemte mot. Det gjorde også fire representantar frå Ålesundslista, ein frå  Miljøpartiet de Grønne, ein frå SP og ein uavhengig.

Kommunedirektøren ynskja at kommunestyret skulle gi formannskapet utvida mynde for å sikre ei forsvarleg drift av kommunen.

Forslaget var at formannskapet skulle avgrense aktiviteten til å berre gjere vedtak for å halde drifta av kommunen i gang. Mellom anna saker knytt til skolestart i august og barnehageopptak.

Usikkert kva som skjer no

Ordførar Eva Vinje Aurdal vil saman med kommunedirektøren og kommuneadvokaten vurdere kva som må gjerast vidare. Politikarane vil få ei utgreiing om konsekvensane av vedtaket som vart gjort onsdag.

Eit mogleg scenario er at formannskapet brukar hasteparagrafen i kommunelova til å ta dei avgjere saker som haster, og som normalt skal handsamast av kommunestyret.

Kommunelova opnar for følgande:

Formannskapet har etter vedtak i delegeringsreglement med heimel i kommunelova § 11-8 blitt gitt ei hastefullmakt til å gjere vedtak i saker som skulle vore gjort av eit anna organ når det er nødvendig at vedtak vert gjort så raskt at det ikkje er tid til å innkalle det organet som skulle avgjøre saka.

Historisk møte

Det var første gong at heile kommunestyret var samla til møte via Skype. Deltakarane var positive til møteforma, men under møtet blei det klart at denne forma har sine utfordringar.

Fem representantar var ikkje til stades på møtet, og under sjølve møtet falt fleire representantar ut, og måtte logge seg på igjen. Likevel fekk alle som ynskja det , komme til orde. Sjølve avrøystinga vart gjort skriftelig og stemma vart sendt inn med epost, eller registrert i politikarane sin eigen nettportal.

Vil få i gang møte i utvala

Klikk for stort bildeRepresentantar melder seg på talerlista eller kjem med kommentarar via Skype. Øyvind Heggstad  Kommunedirektøren informerte også kommunestyret om arbeidet i dei ulike utvala i tida framover.

Ålesund kommune ynskjer å få den politiske aktiviteten i gang så raskt som mogleg. Derfor vil kommunedirektøren no at aktiviteten i dei kommunale utvala skal kome i gang igjen.

Komiteane skal gjere det førebuande arbeidet for kommunestyret, slik at sakene er klar når ein kan samle kommunestyret igjen. Komiteane skal gjennomføre møter på Skype i starten.

Ein arbeider også med nye løysingar som kan opne for at kommunestyret kan gjennomføre ordinære møter på nett.

Kommunedirektøren understreka at kriseleiinga i kommunen framleis har mynde til å ta avgjerder som er naudsynt for drifta av kommunen.

Til toppen