Koronavirus

Siste nytt

2021 blir eit tøft år

2021 blir eit tøft år for Ålesund kommune.  Førre veke vart budsjettet for neste år vedteken av kommunestyret. Det inneber at kommunen skal redusere driftskostnadane  med 351 millionar kroner samanlikna med 2020.Klikk for stort bilde 

Fortsett planlegging av nye bygg.

Trass den vanskelege økonomiske situasjonen, så fortset planlegginga av fleire store utbyggingar i åra framover. Det er sett av pengar til prosjektering og planlegging av Osane idrettshall og Hessa, Eidet og Haramsøy skole i 2021.
Alle desse får byggestart i 2022.  Bygging av ny kyrkje på Hatlehol er utsett. 

Det vart òg vedtatt ei rekke andre tiltak. 

Mellom anna har eit fleirtal i kommunestyret vedtatt at barnetrygda ikkje skal reknast med som inntekt når sosialhjelp skal betalast ut. Det betyr at dei som  har det alle vanskelegast  i Ålesund får meir pengar å rutte med.
Vidare  vert det innført eigedomsskatt i gamle Haram og Ørskog. Det er gjort unnatak for bustadar- og fritidseigedommar i Haram og Ørskog. Desse skal betale ein promille i 2021, og 2 promille først i 2022.

Alle kommunalområda får redusert sine driftsrammer. Med mellom fire og 14 prosent.  Det betyr at ein truleg må legge ned dei tre barnehagane på Kvennaneset, Åsemulen og Hildre barnehagar. Politikarane skal ta endeleg stilling til dette seinare.  Trass at ein legg ned tre barnehagar, vil alle som har krav på barnehageplass framleis kunne få tilbod om dette. 

Kommunestyret har òg bestemt å utsette kjøp av tomt til ny hovudbrannstasjon til 80 millionar kroner for Ålesund. 
Kommunestyret har lagt ein rekke føresetnader for arbeidet med å kutte i drifta. 

I samband med nedlegging av barnehagar ber kommunestyret kommunedirektøren at barn som blir råka av nedlegging vert prioritert til opptak ved dei barnehagane som ligg nærast den nedlagte barnehagen. 
I tillegg kom politikarane med heile 19 ulike verbalforslag som vart vedteke.

Her er dei viktigaste punkta:

Politikarane vil ha ofte tilbakemeldingar til helse- og omsorgskomiteen rundt omstillingsprosessane . Dette gjeld også for dei andre komiteane.

Innan kulturområdet ber dei om  at samhandling med frivillige og frivillig sektor må bli eit prioritert område.   Dei ber òg kommunedirektøren prioritere samarbeid oppvekst, helse, kultur og frivilligheit om førebyggande lågterskel-tiltak for sårbare barn og unge. 

Det er no klart at Nordøyvegen opnar i desember 2021, mot tidlegare annonsert våren 2022. Dette gjer at ombygginga av Haramsøy skule bør framskundast slik at skulen så snart som råd kan ferdigstillast. 

Vidare har  kommunedirektøren fått i oppgåve å lage ein konkret plan på korleis sjukefråveret hos dei kommunalt tilsette skal reduserast. Målet er å kome ned på sju prosent fråver i 2021.

Kommunestyret har òg vedtatt at det vert sett ned eit ad-hoc-utval som skal sjå på muligheitene for å redusere politikarhonorar med same prosent som gjennomsnittlege kutt i drifta. Kutta bør gjelde frå 1. januar.

Samstundes vil politikarane at Ålesund kommunale eigedom tar ein kritisk gjennomgang av bygningsmassen til kommunen, med mål om å selje bygningar som ikkje lenger er naudsynte for den kommunale drifta. Ein må også vurdere sal av kommunale bustadar. I dei tilfelle frivillige lag/organisasjonar er brukarar av desse bygga skal desse involverast og høyrast.
 

Her er oversikt over alle 11 verbalforslaga som vart vedteken, og oversikt over protokollen frå møtet.

Til toppen