Siste nytt

18. februar kl. 21.35 : Første tilfelle av britisk mutasjon i Ålesund

Koronavirus, shutterstock - Klikk for stort bileteKoronavirus, shutterstockÅlesund kommune fekk i dag, torsdag 18. februar melding om at ein polsk statsborgar som er i isolasjon, har fått påvist den britiske mutanten av SARS coV-2 viruset. I ettermiddag fekk kommunen óg meldt om eitt nytt ordinært smittetilfelle av koronavirus. 

Ein polsk statsborgar har fått påvist den britiske mutanten av SARS coV-2 viruset: 

 

  • Vedkomande var i innreisekarantene i samband med mannskapsbyte på eit norsk farty, då han den 9. februar fekk påvist smitte med koronavirus etter test hos Medi3. (Dette er tidlegare meldt om den 10.02 til presse og oppdatert på heimeside). 
  •  Vedkomande blei flytta frå innreisekarantene til isolasjonsleilegheit i regi av Ålesund kommune.
  • Personen hadde då testa negativt ved hurtigtest både før han reiste frå heimlandet, og ved grensepassering ved norsk flyplass. PCR-testen som blei tatt ved Medi3,  blei analysert ved Fürst medisinske laboratorium i Oslo. Den blei så sendt vidare for sekvensering ved FHI. Dette blei stadfesta i dag 18. februar.
  • Til saman 15 personar som var i innreisekarantene og som vart testa samtidig som vedkomande, blei sett i smittekarantene. Dei testa alle negativt. Nokre har vore testa fleire gonger og alle  blei testa på nytt etter sju døgn. Alle nærkontaktar har testa negativt.  
  • Den smitta har ikkje hatt symptom, men har på grunn av testresultatet blitt behandla som smitteførande etter gjeldande retningsliner. Isolasjonstida er no utvida frå 10 dagar til 14 dagar. 

Kommuneoverlege Olav Mestad.j - Klikk for stort bileteKommuneoverlege Olav Mestad.j - Det er ikkje mistanke om at nokon kan ha blitt smitta av det muterte viruset. Den smitta vil returnere til heimlandet etter at isolasjonstida er over, seier kommuneoverlege Olav Mestad.

Smittevernteamet har informert alle berørte partar og har vore i kontakt med utbrotgruppa ved Folkehelseinstituttet for råd knytta til  smittetilfellet. 
 

Eit nytt smittetilfelle torsdag ettermiddag

Ålesund kommune fekk i ettermiddag meldt eit nytt smittetilfelle med koronavirus. Vedkomande har hatt symptom ein periode og er i betring. Smittesporing pågår og smittekjelda er førebels ukjend. 

Bestill koronatest digitalt

Til toppen