Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Nyheter fra Ålesund kommune

Konkurranse for grafisk utforming av nytt kommunevåpen

Alle kommunene Kommunevaapen web2Nye Ålesund kommune innbyr til konkurranse for grafisk utforming av forslag til nytt kommunevåpen for nye Ålesund kommune. aktuelle tilbydere må melde seg innen 17.04.2019 via konkurranseutlysningen på Doffin.

Frå og med 01.01.2020 vil dagens kommunar Skodje, Sandøy, Ørskog, Haram og Ålesund utgjere Ålesund kommune.  I intensjonsavtalen mellom kommunane i nye Ålesund står det:

"Det blir laga nytt kommunevåpen og ordførarkjede. Kommunevåpen for alle deltakarkommunanen skal vise igjen i det nye ordførarkjedet. Dette er ikkje til hinder får at Ålesund som by kan halde fram med å bruke sitt våpenmerke.»


Sidan januar 2018 har ein politisk komité arbeidd med å skape engasjement gjennom tegnekonkurransar og avstemmingar for å finne folkets favoritt og skolevinnaren. Les meir om den politiske komiteen på nettsida til  nye Ålesund kommune.

Lyser ut parallelloppdrag

Nye Ålesund lyser nå ut ein konkurranse med eit parallelloppdrag som skal delast mellom tre aktørar for forslag til nytt kommunevåpen for den nye kommunen. Dei tre aktuelle tilbydarane som blir valde, vil få 50.000 kroner kvar.  Frist for dei aktuelle tilbydarane å melde seg på, er 17. april 2019. Den foreløpige tidsplanen legg opp til behandling i fellesnemnda 13. juni. Endeleg avgjerd vil først bli tatt av det nye kommunestyret i haust når kommunestyret er konstituert.

Les heile konkurransegrunnlaget elektronisk

Anskaffinga ligg  ute på www.doffin.no   og heiter  «Anskaffelse: Grafisk utforming av forslag til nytt kommunevåpen»
Kunngjeringa gir litt overorda informasjon, og det er mogleg å gå inn og lese heile konkurransegrunnlaget. Konkurransegrunnlaget finn du under punktet «kommunikasjon» i kunngjeringa.

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelms gt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119