Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Nyheter fra Ålesund kommune

Region Ålesund til FN

Bærekraftsmålene til FN

Nye Ålesund, Sula og Giske er representert på FNs samling for byregionar i Genève. Eva Vinje Aurdal er einaste norske ordførar på talarlista.

 

Day of cities

Den økonomiske kommisjon for Europa (UNECE) held sitt 68. møte med temaet "Smart bærekraftig by» 9. - 10. april 2019 ved FNs europeiske hovudkvarter i Genève i Sveits.

8. april arrangerer kommisjonen Byane sin dag for å gje innspel til dei mellomstatlege diskusjonane i dei 56 UNECE-medlemslanda. Nye Ålesund, Sula og Giske samarbeider om Region Ålesund. Regionen er invitert fordi vi er ein av dei europeiske byregionane i FN sitt Smart City nettverk. Her skal vi utveksle synspunkt og dele kunnskap om god praksis og vellukka planlegging innan smart og berekraftig utvikling.

På talarlista

Eva mindre cropEva Vinje Aurdal er einaste norske ordførar på talarlista. Saman med seks andre ordførarar skal ho snakke om smarte verktøy vi kan bruke for å utvikle oss berekraftig og å vere meir motstandsyktige mot klimaendringar og katastofer.

I tillegg til ordføraren, skal Joel Mills frå Offshore Simulator Centre ved NMK i Ålesund presentere simulatorløysinga dei utviklar saman med FN for smartare planlegging når det gjeld berekraftig by- og regionsutvikling.

Offshore Simulator Centre (OSC) har brukt 10 år på utvikling av avanserte simuleringsløysingar for offshore-industrien. I simulatorane kan ein vise store mengdar kompliserte data på ein måte som er både intuitivt og lettare forståeleg. No skal denne teknologien også brukast i eit smart by-konsept. Teknologien kan til dømes simulere og visualisere trafikkavvikling, vannforsyning og straumforbruk på heilt nye måtar.

FNs smartbynettverk

Ein smartregion er ein region som nyttar digital teknologi og innovative metodar for å gjere livet betre for innbyggarane og drifta av samfunnet meir produktivt. Det handlar om å gjere kommunale tenester smartare. I nokre tilfelle betyr det ny teknologi, som for eksempel sensorar, kunstig intelligens og å samle inn stordataanalyse.

Nye Ålesund saman med Sula og Giske, er den første byregionen i Norge som er tatt opp i FNs smartbynettverk. Målet er å satse på teknologi som bidrar til eit betre samfunn for innbyggarane.

Kva skjer?

I samband med at regionen er med i FNs smartbynettverk, har eit team av internasjonale og lokale ekspertar samla inn data for å utvikle smartbyprofilen - ein analyse av regionens ståstad knytt til bruken av smart teknologi. Analysen blir presentert under konferansefestivalen The North West i Ålesund 25 - 27. april.

Tidlegare i år var FNs Smart City sjefsanalytikar John Smiciklas i Ålesund for å hjelpe til med innsamlinga av data til analysa. Her kan du sjå ein video der Smiciklas fortel kva som vil bli sett i gang i Ålesundregionen gjennom dette arbeidet. Kva inneber det, og kva kan vi oppnå dersom offentleg sektor, næringsliv og akademia samarbeider om å bli ein Smart City. (Artikkelen fortset etter videoen)

 

Allereie i dag har både kommunane, NTNU, fylkeskommune og Statens vegvesen små og store smartbytiltak på gang. Nokre av dei er langsiktige forskingsprosjekt, andre er konkrete tiltak innanfor ulike område. Dette kan handle om appar for busstider, sensorar for traffikkmåling eller luftkvalitet, til bruk av teknologi i skule eller eldreomsorg. Regionen har no høve til å samordne og målrette dette arbeidet gjennom eit felles program.

Nye Ålesund, Sula og Giske kom med i FNs United Smart Cities program etter å ha søkt om å bli tatt opp i nettverket. Programmet er basert på kjerneverdiar som tar utgangspunkt i FNs berekraftsmål.

Analysen som FNs ekspertar gjer ved hjelp av innsamling av data, skal brukast til å gje kommunane eit talbasert grunnlag for vidare arbeid. Dette kan lette arbeidet med å peike ut felles mål og retning og sikre eit systematisk arbeid opp mot FNs berekraftsmål. FN-nettverket synest det er spesielt interessant at kommunane er i ein transformasjonsprosess knytt til både kommunesamanslåing og til samordna klima-, transport- og arealplan.

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelms gt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119