Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Nyheter fra Ålesund kommune

Den store påskeeggjakta

Påskeeggjakt 2019 NyhetBli med på påskeeggjakt! Den store påskeeggjakta oppstod i 2016 i Ålesund kommune og no fortset vi tradisjonen i Nye Ålesund kommune.

Vi skal få oppleve litt av aktivitetane og turmoglegheitene til Sandøy, Haram, Skodje, Ørskog og Ålesund. Så, heng med!

Hold av datoane

Laurdag 13. april kl. 12.00 begynner vi jakta etter første egg. Følg facebookarrangementet her eller vår Instagramprofil @nyealesundkommune for kvar du kan finn egget og oppdateringar under heile jakta.

Påskeeggjakta avsluttar vi når siste egg er funne laurdag 20. april.

LITT PRAKTISK

I egga i år vil der vere varierande overraskingar for alle aldersgrupper og vi ønsker derfor at de kan vere litt snill med kvarandre og dele. Det vil bety at det skal vere eit egg per familie/par/enkeltperson.

Finn du eit egg og har allereie vunne ein gong før, ver då grei å legg egget tilbake igjen til nokon andre som kan få gleden av den store påskeeggjakta.

EGGA

Vi legg ut eit egg per dag (13.4, 15.4, 16.4, 17.4 og 20.4). Når du finn eit egg og opnar det, vil du få noko å bite i og ei aldri så lita overrasking. I egget vil du også motta klare instruksar på korleis du kan hente premien din.

VI ♥ SOSIALE MEDIA

Vi er sjølvsagt spente på å sjå om du overlistar påskekyllingen!

Legg inn ein sjølvknips (selfie) når du har funnet egget på Instagram eller Facebook med #littmitt_nyeålesund og tagg @nyealesundkommune.

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelms gt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119