Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Nyheter fra Ålesund kommune

380 forslag til nytt kommunevåpen

Collasje kommunevaapen webbilde2
1. november gjekk fristen ut for å sende inn forslag i idékonkurransen for nytt kommunevåpen. Heile 380 teikningar har kome inn, og snart skal vi kåre folket sin favoritt!

 

 

- Det er et fantastisk at så mange har engasjert seg i idékonkurransen. Bilda og tekstane var rørande, morosame, godt grunngjeve, gjennomtenkte, optimistiske, kreative og fargerike, seier komiteen for kommunevåpen.


Her er nokre nøkkeltal:

  • 380 teikningar
  • 21 skular har deltatt frå fleire av kommunane i nye Ålesund. 
  • 31 personar foreslår å behalde Ålesund sitt kommunevåpen.
  • Fleire privatpersonar har sendt inn teikningar.
  • På bildet over er 8 av dei 380 teikningane som har kome inn.


Kårar ein skolevinnar

Komiteen jobbar no iherdig med å gå gjennom alle forslaga som er sende inn. Av dei 21 skolane som har deltatt, skal komiteen kåre ein klassevinnar frå ein skole. Premien er ein tur til Atlanterhavsparken akvarium med dekt transport og eit diplom.

Kårar folkets favoritt i desember

Komiteen for kommunevåpen har ei vanskeleg oppgåve føre seg. Av dei 380 teikningane skal komiteen kome fram til 45 forslag som skal delta i avstemminga for å kåre folkets favoritt. Avstemminga vil skje frå 10. - 18. desember på nettstaden www.nyealesund.no Vinnaren av folkets favoritt vinn ei gåveeske med lokalt produsert mat til ein verdi av 2.000 kroner.

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelms gt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119