Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Nyheter fra Ålesund kommune

Jul i nye Ålesund

Julebyen Ålesund - julelys på ApotekertorgetDet er snart på tide å leite julepynten fram frå loftet. Her kan du sjå ei lite oversikt over nokre av messene og tilstellingane i dei fem kommunane.

Merk deg datoane, men hald også augene opne for annonsering av andre slike tilstellingar som kan dukke opp ein stad nær deg.

1. desember


Skodje skulekorps arrangerer Julemarknad i Gomerhuset med både utstillarar, kulturinnslag i messeområdet, juleforteljing i kultursalen og julegrantenning.

Julemesse på Haramsøy samfunnshus. Arrangør er Haramsøy skulekorps.

2. desember


Julemarknad i Butikken, Ona og Finnøy havstuer
Kunsthandverk, kaker og tradisjonsmat er blant det som er å få kjøpt. I tillegg blir det kafé med gløgg, kaffi og nysteikte kanelsnurrar.

Jul i Molovegen
Julemarknad i regi av Molja Vel i Ålesund med salsboder, ope atelier, juleverkstad, julekortfotografering, mat, ope museum, underhaldning m.m.

3. desember

Gründerkvinnenes julemarked ved Brattvåg Fjordhotell:
Ein gjeng kreative gründerdamer viser fram varer dei har for sal. I tillegg blir det sal av heimelaga søtsaker og servering av gløgg.

8. og 9. desember

Julemarknaden i Korsatunnelen i Ålesund er ein av dei største julemarknaden i regionen. Her finn du herleg kortreist mat frå ei rekke lokalmatprodusentar, handverk og aktivitetar for små og store.

Fleire aktiviteter?

Har vi glemt noke? Send oss ein mail med tips til

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelms gt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119