Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Nyheter fra Ålesund kommune

Ny sorteringsordning i Ålesund

Årim sorteringNeste år deler ÅRIM ut dunk for glas- og metallemballasje og ein ein ekstra behaldar for miljøfarleg avfall.

Blir lettare å sortere meir avfall

Når du sorterer, får vi utnytta ressursane i avfallet. Glasemballasjen blir til nytt glas og isolasjon. Metallemballasjen blir til spikar, syklar og andre metallgjenstandar. Det krev faktisk berre fem prosent av energien å lage noko av gjenvunne aluminium, samanlikna med å lage produkt av ny aluminium. Dette nyttar.

Når får du utstyret?

Årim startar i indre del av kommunen om vinteren, og blir ferdige i ytre del, utpå hausten. Tidspunktet for når du får ditt utstyr er dermed avhengig av kvar du bur. Sjå kart og oversikt som viser når dei startar kvar.

Renovasjonskalenderen for 2019 viser når du har di første henting av glas- og metallemballasje. Utstyret ditt kjem nokre veker i forkant av dette. Du kan starte å bruke dunken så snart du har fått han, men det er framleis ei god stund til dette enda.

Boks for miljøfarleg avfall

Årim deler også ut ein raud boks, der kan du samle batteri, småelektronikk, boksar med kjemikaliar og anna miljøfarleg avfall. Den raude boksen tek du med til Bingsa eller ein annan bemanna miljøstasjon når det passar for deg. Du kan også ta med boksen når Årim har innsamling av miljøfarleg avfall i nærområdet ditt. Datoane for dette står i renovasjonskalenderen.

Bur du tett og det er knapp plass til dunkar?

Mange stader er det hensiktsmessig for naboar å samarbeide om felles renovasjonsutstyr. Dette gir eit meir estetisk uteområde, og med færre stopp blir det mindre trafikk i nærområdet ditt. Denne type løysingar er svært positive for miljøet. Les brosjyre om ulike samarbeisløysingar

Snakk med naboane og ta kontakt med oss, så kjem vi med forslag til korleis de kan gå fram.

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelms gt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119