Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Nyheter fra Ålesund kommune

Søk støtte til å bli kjente!

nye alesund kommune harry klein rskog tonemolnes cropNye Ålesund har fått sitt eige Bli kjent-fond. Her kan lag, foreiningar, skuleklassar og andre søke pengar til fellesarrangement eller aktivitetar.

Nye Ålesund kommune ønsker å legge til rette for å bringe folk saman på tvers av kommunegrensene og knyte by, tettstadar og bygdelag tettare saman. Prosjektorganisasjonen har fått innspel frå innbyggarar om ulike tiltak for å oppnå dette, og ein av ideane som har kome inn, er eit Bli kjent-fond. Ideen er henta frå nye Molde kommune, som allereie har oppretta eit slikt fond og delt ut midlar til fleire fine samarbeidstiltak og -arrangement.

Gjennom Bli kjent-fondet kan frivillige lag og organisasjonar, skuleklasser, velforeiningar eller andre som bur i nye Ålesund-området søke støtte til for eksempel ein klassetur, eit pensjonisttreff, kulturarrangement eller idrettsaktivitetar. Arrangementet må skje i ein eller fleire av nye Ålesund-kommunane.

Bli kjent-fondet har pengar for åra 2018 og 2019. Det kan søkast om tilskot på inntil 50.000 kroner per arrangement eller tiltak.

Har du ein idé til eit arrangement som passar innanfor rammene for Bli kjent-fondet?

Send inn ein søknad! På denne måten kan nettopp DU vere med på føre innbyggarar i nye Ålesund saman og skape ein felles identitet til den nye flotte kommunen vår!

Søknadsskjema finn du på under Om nye Ålesund kommune > Bli kjent. Du kan også gå direkte inn på dette skjemaet.

Søknadsfristen er for første utlysing er 1. desember.

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelms gt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119