Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Nyheter fra Ålesund kommune

Fjernar hurtigbåten

hurtigbåtenFrå februar blir det kolonnekøyring heile døgnet i Godøytunnelen. Hurtigbåtsamandet blir derfor avslutta. 

- I februar nærmar vi oss slutten av anleggsarbeidet og det blir mogleg å ha kolonnar gjennom tunnelen heile døgnet. Med hyppigare og fleire kolonnar er det ikkje lenger behov for hurtigbåten, og båten vil derfor gå sine siste turar laurdag 2. februar, seier prosjektleder Ole Kristian Birkeland.

FRAM vil informere nærmare om korleis bussrutene blir når det ikkje lenger går hurtigbåt mellom Godøya, Valderøya og Ålesund.

Planlagt trafikkavvikling frå søndag 3. februar, det kan bli mindre justeringar. Statens vegvesen kjem tilbake med meir informasjon om eksakte klokkeslett:

 

Kl. 07.00 - 08.30   Fri ferdsel, eller kolonnar kvart 20 min. frå kvar side (faste tidspunkt)
Kl. 08.30 - 15.30   Kolonnar kvar halvtime frå kvar side (faste tidspunkt)
Kl. 15.30 - 17.30   Fri ferdsel, eller kolonnar kvart 20 min. frå kvar side (faste tidspunkt)
Kl. 17.30 - 21.00   Kolonnar kvar halvtime frå kvar side (faste tidspunkt)
Kl. 21.00 - 07.00   Kolonnar kvar time frå kvar side (faste tidspunkt)

 

Folk har vore utroleg tolmodig

Godøytunnelen har sidan november i fjor vore stengt med kolonnekøyring til faste tidspunkt, og heilt stengt på natta. Tunnelen utbetrast for å bli tryggare, og i april neste år skal arbeidet vere ferdig.

- Dei som bruker tunnelen har vore utroleg tolmodig, og vi ser fram til å levere frå oss ein tryggare tunnel før påske. Tryggleiken blir heva betrakteleg med kameraovervaking, betre lys, nytt sikkerheitsutstyr, brannsikring, ny asfalt og vannsikring som held tunnelen tørr, seier prosjektleder Ole Kristian Birkeland.

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelms gt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119