Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Nyheter fra Ålesund kommune

Overgang til ny kommune

Ørskog Sjøholt Foto Peder Otto Dybvik

Det vil vere ei rekke tenester som blir berørt av overgangen til nye kommunar. Her kjem informasjon om stenging av eigedomsregisteret og grunnboka, og nye gårdsnummer. 

 

Eigedomsregister stenger

13. desember klokka 18.00 vil matrikkelen (Norges offisielle eigedomsregister) bli stengt. Den vil vere stengt i ni virkedagar. Det vil ikkje bli foretatt nokon oppdateringar i matrikkelen frå 13. desember til 1. januar 2020.

Grunnboka stenger

27. desember blir grunnboka (register over rettigheiter i eigedom) stengt for all oppdatering. Grunnboka vil bli stengt til 1. januar 2020.  Det betyr at dokument som skal tinglysast før årsskiftet bør sendast til tinglysing før 29. november.

Kartverket informerer

Kartverket forklarer kvifor dokument som skal tinglysast før årsskiftet bør sendast til tinglysing før 29. november.

Kartverkets informasjon til meglarar og bankar.

Tilgjengelege tenester

Kartverkets innsynstenester, for eksempel Seeiendom.no og e-handel, er tilgjengeleg gjennom heile perioden der registera er stengte. Tenestene viser data frå frystidspunktet og blir ikkje oppdaterte før etter årsskiftet.

Kva vil det si for innbyggarane?

At matrikkel og grunnbok blir stengt/fryst, vil ikkje ha særleg innvirkning. Det vil imidlertid ikkje bli tildelt offisielle vegadresser i perioden matrikkelen er stengt.

 

Meglerpakken

Alle bestillingar gjort før 19. desember blir ferdigstilt 20. desember. Matrikkelrapportar i meglerpakkane vil vise informasjon ved stengetidspunktet 13. desember. Bestillingar gjort etter 20. desember vil bli behandla etter 2. januar 2020. Ein må rekne med noko lengre behandlingstid på meglerpakkar i perioden 20. desember 2019 til 20. januar 2020.

Kommune- og gårdsnummer

Ålesund kommune vil få nytt kommune nummer: 1507.

Ørskog, Haram, Sandøy og Skodje vil få nye gårdsnummer, gamle Ålesund kommune beheld dagens gårds- og bruksnummer.   ​

Før omnummerering  
kommunenummer   

 

Gårdsnummer

Etter omnummerering          
Kommunenummer

Gårdsnummer

Ålesund  1504    

1 - 201 Ålesund 1507 1 - 201

 

Haram 1534

3-131 Ålesund 1507 303-481

 

Skodje 1529

2-69 Ålesund 1507 502-569

 

Ørskog 1523

70-109 Ålesund 1507 670-709

 

Sandøy 1546

3-15 Ålesund 1507 803-815
Sandøy 1546 2207 Ålesund 1507 816-816
Sandøy 1546 1-2 Aukra 1547 (Orta, Lyngværet, Flatflesa)

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelms gt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119