Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Nyheter fra Ålesund kommune

OPE MØTE OM INNBYGGARTORG

Foto: Peder Otto DybvikNye Ålesund inviterer innbyggarar, næringsliv, frivillige organisasjonar, politikarar, diverse råd og andre interesserte til ope møte om innbyggartorg.

 

 

Det er arbeidsgruppene for innbyggartorg i dei ulike kommunedelane som arrangerer møta, og tema vil mellom anna vere styrkane som finst i lokalmiljøa og korleis ein kan utvikle desse vidare i den nye kommunen.


- Vi har ein draum om livskraftige lokalsamfunn i heile nye Ålesund kommune og i denne samanhengen trur vi at innbyggartorga kan bli eit viktig nav, seier Malin Piegsa, påtroppande kommunalsjef for kultur og medborgarskap.


- Vi er no i ein prosess med å skape noko nytt og vil gjerne ha lokal kunnskap og engasjerte menneske med på laget. Under møta er alle interesserte velkomne til å kome med sine innspel, og vi håper at mange ser moglegheita dette gir til å påverke utviklinga av den lokale møteplassen innbyggartorga kan bli i lokalsamfunnet.


Det er kultur og medborgarskap som styrer innbyggartorga. Det er oppretta lokale arbeidsgrupper som skal komme med forslag til korleis innbyggartorga skal utformast og kva rolle innbyggartorga skal ha i lokalsamfunnet. Det er desse arbeidsgruppene som no inviterer til ope møte – eitt møte for kvart innbyggartorg.


- På innbyggartorga skal du finne kommunale tenester som frivilligsentral, bibliotek, sørvistorg, folkehelseaktivitetar osb, seier Piegsa. - Det er meininga at innbyggartorga skal ha to hovudfunksjonar; som arena for kommunale tenester og som arena for samfunnsutvikling og nærdemokrati. Begge desse funksjonane skal tilpassast lokalmiljøet. Det skal vere totalt fem innbyggartorg plassert rundt om i dei ulike kommunesentra, og desse vil få ulike uttrykk alt etter behov og korleis lokala er utforma.

 

Om innbyggartorga

Nye Ålesund vil utvikle kvaliteten på tenestene og sørvisen til innbyggarane. Lokal identitet og nærdemokrati skal vere høgt prioritert og kommunen skal aktivt samarbeide med andre samfunnsaktørar ved å etablere ulike møteplassar og samarbeidsformer. Kommunen ønskjer eit godt og tillitsbasert samspel med innbyggarar, frivillige, næringsliv, administrasjon, tillitsvalde og politikk. Ein måte nye Ålesund ønskjer å få dette til på, er ved å opprette innbyggartorg.

Tid og stad for møta:

• 3. september 2019 kl 18.30-20.30: ID-huset, Brattvåg
• 5. september 2019 kl 17.15-19.15: Sandøyhagen, Steinshamn
• 12. september 2019 kl 18.30-20.30: Gomerhuset, Skodje
• 18. september 2019 kl 18.30-20.30: Bystyresalen, Ålesund
• 19. september 2019 kl 18.30-20.30: Ørskog skule, Sjøholt

Kontaktperson: Malin Piegsa, kommunalsjef for kultur og medborgarskap i nye Ålesund
Tlf. 959 98 479 // e-post:

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelms gt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119