Nyheter fra Ålesund kommune

Tid og stad for førehandstemming

Skrevet .

VAL Bildene kan brukes fritt

Det er kommune- og fylkestingval 9. september. Du kan stemme på førehand 12. august til 6. september. Her kan du sjå tid og stad for kvar du kan førehandstemme.

 

Valet i 2019 skal gjennomførast som om nye Ålesund kommune allereie er sett i drift.  Alle som stemmer ved valet i 2019 skal velje representantar til kommunestyret i nye Ålesund kommune som trer i kraft 1. januar 2020.

Det skal veljast 77 representantar frå dei forskjellige partia til det nye kommunestyret.

Kvar kan du stemme?

Du kan førehandsstemme i alle kommunar i landet i perioden 12. august til 6. september. Du vel sjølv kva kommune og stad du vil stemme, men du må vere innført i manntalet i ein kommune i Norge.

På alle dei 5 rådhusa har ein laga til "stemmelokale" som er ope i opningstida til rådhusa.

Så har vi stemmemottak på Amfi Moa frå 19.08. til 06.09. Du finn oss ved hovedinngangen/rulletrappa "nye delen" 
Her er vi mandag til fredag kl. 12.00 - 18.00. Laurdag 24.08 og 31.08 er opningstida 12.00 - 16.00.
Fredag 06.09. stenger vi kl. 14.00.

Nytt er førehandsmottak på Digerneset. Her kan du stemme i perioden 26.08 - 05.09. Vi held til i Polarbad sine lokale.
Opningstida er mandag - fredag 14.00-18.00. Laurdag 31.08 er opningstida 10.00 - 15.00

Oversikt over alle stemmestadane i førehandstemmeperioden i Ålesund finn du på valglokaler.no
og på denne lista:

Kommunen tar også imot førehandsstemmer på helse- og sosialinstitusjonar. I helse-og sosialinstitusjonar der det blir halde val, kan alle som ønsker det, møte opp for å stemme.

Desse finn du også på valglokaler.no

Utanriks

Førehandstemming utanriks er i perioden 1. juli – 30. august 2019.

Generell informasjon om valet

Du finn generell informasjon om valet på Valgdirektoratet si nettside valg.no

Informasjon om valet i nye Ålesund, med vallister for dei forskjellige partia finn du på nyealesund.no/politikk/val