Vil du lage ny kommunesong til nye Ålesund kommune?
Nye Ålesund kommune inviterer til song-konkurranse for å feire den nye kommunen.
Frå 1. januar 2020 blir nye Ålesund den tredje største kommunen på Vestlandet og den trettande største kommunen i landet. Den nye kommunen skal feirast med stor fødselsdagsfest og i samband med det inviterer nye Ålesund til songkonkurranse.
- Det gjer noko med oss når vi syng i lag, og difor ønskjer vi oss ein heilt ny song til ein flunkande ny kommune der vi får starte på nytt og synge oss i lag, seier prosjektleiar for nye Ålesund, Astrid Eidsvik.
Songen skal ha høg allsongfaktor og kunne brukast av unge og vaksne, i skular og barnehagar, i store forsamlingar og i lyd og lag. Teksta skal vere på norsk og spegle Ålesund sine verdiar; «Open – engasjert – modig».
- Vi håper dette kan bli lyden av nye Ålesund og ein av fleire ting som bitt oss i hop på vegen inn i det nye fellesskapet vi held på å utvikle.
Det er ein breidt samansett jury som skal kåre vinnaren av den nye kommunesongen, og vinnarane får ein premie på 20.000 kroner i tillegg til at dei får spele inn låta i studio. Bidraga (lydfil saman med notar eller tekst med besifring) skal sendast til innan 20. august 2019.