Nyheter fra Ålesund kommune

Sommaren i friluft?

Skrevet .

P fjelltur Stafsethneset friluftsskule jpg 960Frå måndag 24. til fredag 28. juni er det friluftsskule på Stavsethneset for barn i alderen 11 til 13 år. Påmeldingsfrist er 31. mai.

Det er Sunnmøre friluftsråd som arrangerer friluftsskulen på Stavsethneset.

- Friluftsskulane har vore svært populære og den på Stavsethneset vart kjapt fullteikna i fjor med venteliste, seier dagleg leiar May Britt Haukås.

Haukås fortel om kjekke aktivitetar som bading, matlaging på bål, padling av kajakk, overnattingstur, leikar med meir.

Meld på i dag!

Friluftsskulen har eit tak på 20 deltakarar og kostar 500 kroner per deltakar.

Sjå førebels vekeplan og meld ditt barn på innan torsdag 31. mai på friluftsrådets si heimeside.