Reglement til høyring

Forslag til ny forskrift om opningstider for serverings-, sals og skjenkestader

Stab helse og velferd har forslag om ei ny forskrift om opningstider for serverings- sals- og skjenkestader som skal gjelde for heile Ålesund kommune, og foreslår at gamle lokale regelverk på området samstundes opphevast.

I lov 15. juni 2001 nr. 70 om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser (inndelingslova) § 13 første ledd står det at: «Ved samanslåing […] av kommunar […] gjeld lokale forskrifter og vedtekter framleis for vedkomande område inntil dei blir endra».

Det same prinsippet går fram av Intensjonsavtale nye Ålesund kommune, punkt 8.

Det er foreslått at serveringsstadar utan alkoholskjenking som hovudregel maksimalt skal ha same opningstid som skjenkestader, sjå §§ 5 jf. 2, men i § 3 andre ledd er det foreslått at:

«Dispensasjon for døgnopning kan gjevast for bensinstasjonar og andre serveringsstader utan alkoholskjenking når utvida opningstid verken medfører støy eller på annan måte er til vesentleg ulempe for andre».

Kommunen ønsker særleg innspel frå høyringspartane på følgande spørsmål:

Bør bensinstasjonar og andre serveringsstadar utan alkoholservering i kommunen måtte søke om dispensasjon for å kunne halde døgnope?

Dokument i saka

Når protokoll frå kommunestyremøtet 18. februar 2021 angående saka er klar, så vert denne lagt ut her:
 Sjå protokoll frå møte i Ålesund kommunestyre 18.2.2021, sak 027/21.

Merknader til høyringa

Spørsmål, innspel og merknadar til saka kan sendast slik:

Eventuelle merknader kan sendast til Ålesund kommune på ein av følgande måter:

Forslag til ny forskrift om opningstider for serverings-, sals- og skjenkestader.

Høyringssvar er offentlege etter offentleglova.

Ansvarlig for høyringa: Stab helse og velferd

Høyringsfrist: 31. mars 2021

Til toppen