Reglement til høyring

Forskrift om forbod mot bruk av fyrverkeri i tette trehusområde

Ålesund brannvesen KF har laga forslag til ei lokal forskrift om forbodssoner for bruk av fyrverkeri i klasse II og III. Høyringsfristen er i oktober.

Kommunen har blitt kontakta om innføring av fyrverkeriforbod. Blant anna er det vist til brannfare og omsyn til dyr som blir redde ved oppskyting. 

Formannskapet vedtok 2. februar samrøystes å be Ålesund brannvesen KF lage ei lokal forskrift om forbodssoner for oppskyting av fyrverkeri i klasse II og III.

I ei nasjonal forskrift om handtering av eksplosjonsfarleg stoff står klasse II definert med følgjande eksempel: markfyrverkeri og mindre romerske lys, soler og anna fyrverkeri med avgrensa fareområde. Klasse III er rakettar, luftbomber, eldbeger og større romerske lys og bombebatteri.

Forbod på Ona, Husøy og i Ålesund sentrum

Brannvesenet har laga forslag til ei slik forskrift, med forbodssoner både i Ålesund sentrum og på øyane Ona og Husøy. Forskrifta tar også tatt med klasse IV. 

Kommunestyret behandla saka frå brannvesenet 27. mai og vedtok at forskrifta skal ut på høyring. Har du innspel til forskrifta, må du sende det til kommunen innan 8. oktober 2021.

Etter at høyringsfristen er ute, blir det politisk behandling og endeleg vedtak i kommunestyret.

Dokument i saka

Kommunestyresak 27.5.21 om forbod mot fyrverkeri i tette trehusområde i Ålesund

Send merknader til høyringa

Spørsmål, innspel og merknadar til saka kan sendast til Ålesund kommune på ein av følgande måtar:

Merk e-posten eller brevet med «Høringsinnspill til forskrift om forbud mot fyrverkeri i Ålesund kommune».

Ansvarlig for høyringa: Stab miljø, by- og stadsutvikling

Høyringsfrist: 8.10.2021

Til toppen