Viktig informasjon om korona

Ålesund kommune følger nasjonale råd og reglar. Det er gult nivå på skolar og barnehagar til og med fredag 17. september.

Koronatest | Vaksine | Smittetal | Alt om korona | Information about corona in other languages

Kunngjering av areal- og reguleringsplanar

Varsel om oppstart - detaljregulering for E39/E136 Digernesskiftet - Ørskogfjellet

Ny frist for innspel: 1.10.2021

Ny frist for å komme med innspel til reguleringsplan for E39/E136 på strekninga frå Digernesskiftet til grensa mot Vestnes kommune er 1.10.2021.

Statens vegvesen varslar oppstart av arbeid med reguleringsplan for ny E39/E136 på strekninga frå Digernesskiftet fram til kommunegrensa til Vestnes kommune. Oppstart blir varsla etter plan- og bygningslova (pbl) § 12-8. Planområdet er vist med avgrensing på kart.

Reguleringsplanen vil bli utarbeidd som ein detaljert plan, jf. pbl. § 12-3 og skjer i samarbeid med Ålesund kommune. Planområdet skal konsekvensutgreiast på kommuneplannivå med grunnlag i kjent kunnskap (silingsrapport).

Eit planprogram med silingsrapporten skal leie fra m til val av veglinje, og som i neste omgang vil bli konsekvensutgreid på detaljert nivå.

Lenke til Statens Vegvesen sin hjemmeside om prosjektet E39/E136 Ålesund-Molde: 


28.06.2021 vil Statens vegvesen halde eit digitalt informasjonsmøte om planarbeidet på Teams. Møtet vil bli gjennomført i tida kl. 17–19. Etter påmelding vil det bli sendt link til møtet. Påmelding skjer til: Margot Bolstad Lynum, tlf. 905 11 718, e-post: margot-bolstad.lynum@vegvesen.no
Påmelding måndag 28.06 før kl. 1300.

Dokument i saka


Statens vegvesen ber om relevante innspel til planarbeidet i denne innleiande fasen, og ny fristen er 01.10.2021. 

Innspela skal sendast til:
firmapost@vegvesen.no eller Statens vegvesen, postboks 1010 Nordre Ål, 2605 Lillehammer.
Dei kan også sendast på epost til kontaktpersonane.

Merk sendinga med «E39/E136 Digernesskiftet – Ørskogfjellet»

Kontaktpersonar for arbeidet er:
Planprosessen: Tone Hammer, tlf. 941 44 683, epost: tone.hammer@vegvesen.no
Prosjektet: Harald Johnsen, tlf. 915 12 885, epost: harald.johnsen@vegvesen.no
 

Frist for innspel01.10.2021

Til toppen