Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Information about corona in other languages.

Kunngjering av areal- og reguleringsplanar

Oppstart av reguleringsendring for Gnr./Bnr. 137/19 m. fl. i Sørnesvågen

Formålet med detaljreguleringa er å transformera regulert industriområde til hovudsakleg bustad- og næringsformål. I tillegg vil det bli etablert leikeareal og løysing for sykkelveg med fortau gjennom området. Frist for innspel: 08.06.2020


Klikk for stort bildePå vegner av Sørnesvågen Eiendom AS blir det varsla etter plan- og bygningslova § 12-8 om oppstart av reguleringsendring for Gnr./Bnr. 137/19 m. fl. i Sørnesvågen, innanfor innfartsvegreguleringa Nørvevika - Sørneset.

31.10.2019 vart det gjennomført oppstartsmøte med planavdelinga til kommunen

Avgrensing av planområdet er vist på kartutsnittet over. Området er ca. 36 daa stort, inklusive sjøareal.
 

Dokument i saka

Grunneigarar og naboar blir varsla direkte i eige brev. 

Innspel til det igangsette planarbeidet skal ver skriftleg og sendast innan 08.06.2020.


Innspel til oppstart


Eventuelle innspel til oppstart av planarbeidet kan sendast til:

Margarida Pais arkitektur AS, Parkgt. 3, 6003 Ålesund
E-post: mp@mpaisarkitektur.no


Frist for innspel: 08.06.2020
 

Til toppen