Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Information about corona in other languages.

Kunngjering av areal- og reguleringsplanar

Offentleg ettersyn - detaljreguleringsplan for Skutvika

Høyringsfrist er 6.7.2020.


Klikk for stort bilde     
Planutvalet har i møte 21.04.2020 vedteke å legge forslag til detaljreguleringsplan for Skutvika, ut til offentlig ettersyn.

Området brukast i dag som containerterminal. Denne funksjonen skal på sikt flyttast til Flatholmen, og Skutvika skal tilretteleggast for kombinert bustad- og forretningsformål (BKB) med tilhøyrande infrastruktur og nærleikeareal.

I nord, mot Nedre Strandgate er det sett av til sentrumsformål (BS). I tillegg blir det sett av ein større bydelspark, som i tillegg vil ha funksjon som kvartalsleikeplass, samt blågrøn struktur med strandpromenade og sjøbad, og småbåthamn.
 

Dokument i saka
 


Naboar og berørde partar får til send plankart og saksdokument.

Saksdokument er tilgjengelig på kommunens si heimeside i perioden 22.5. - 6.7.2020

På grunn av COVID-19- koronaviruspandemien er innbyggartorga inntil vidare stengt.


Merknader til høyringa

Spørsmål, innspel og merknadar til reguleringsplanarbeidet kan sendast slik:
 


Høyringsfrist:  6.7.2020.

Ansvarlig for høyringa: Verksemd for plan-, byggesak og geodata

Til toppen