Kunngjering av areal- og reguleringsplanar

Offentleg ettersyn - detaljregulering for Lerstadvegen 13-15 – gbnr. 39/17 mfl.

Høyringsperioden er 22.12.2021 - 9.2.2022

Oversiktskart med planområdet vist i rødtPlanutvalet har i møte 14.12.2021, med heimel i pbl. § 12-10, gjort vedtak om offentleg ettersyn av:

  • Lerstadvegen 13-15 – gbnr. 39/17 mfl. - detaljregulering

Formålet med planen er å leggje til rette for fortetting på en eksisterande einebustadstomt på Indre Gåseid.

Planforslaget legg opp til åtte nye bustadeiningar fordelt på to firemannsbustadar med tilhøyrande parkering, uteopphaldsareal og nærleikeplass. For å oppnå tilfredsstillande støyforhold vil det samtidig være behov for ein støyskjerm langs Lerstadvegen. 

Planlagt tilkomst til planområdet er frå Gamlevegen i nord. Fordi Gamlevegen er mykje brukt av mjuke trafikantar blir den regulert breiare og med ny kryssløysing frå Lerstadvegen, samt flytting av to eksisterande avkøyrsler frå Lerstadvegen til Gamlevegen.

Det stilles rekkefølgekrav til opparbeiding av kryssløysinga, men ikkje til flytting av avkøyrslene eller til breiddeutviding av Gamlevegen øst-vest, nord i planområdet. 

Dokument i saka

 

Naboar og andre aktuelle partar blir underretta i eige brev.

Plandokumenta og sakspapira er tilgjengeleg på Innbyggartorget på rådhuset og her på nettsida i perioden 22.12.2021 - 9.2.2022

Merknadar sendast skriftleg til Ålesund kommune innan 9.2.2022.

Merknadar til høyringa

Spørsmål, innspel og merknadar til reguleringsplanarbeidet kan sendast slik:
 


Høyringsfrist:  9.2.2022

Ansvarleg for høyringa:  Verksemd for plan-, byggesak og geodata

Til toppen