Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Information about corona in other languages.

Kunngjering av areal- og reguleringsplanar

Melding om vedtak - detaljregulering for Hovdeland - Alvik, endring for utviding av masseuttak i Bingsa

Ålesund kommunestyre eigengodkjenner med heimel i plan- og bygningslova § 12-12, endring for utviding av masseuttak i Bingsa, innafor reguleringsplan for Hovdeland – Alvik, med plankart, føresegner og planomtale, datert 13.13.2018, sist revidert 20.11.2019 (rev. A). 
Klagefrist: 15.6.2020.

Klikk for stort bilde   
Føremålet med planendringa er m.a. å legge til rette for ei utviding av masseuttaket mot sør for betre å få ‘sydd saman’ dagens to brotflater.

Vidare er det lagt opp til ein endra pallestruktur frå eksisterande 10 x 10 m til 15 x 15 m. Planområdet femner heile arealet som er avsett til masseuttak i Bingsa, slik at ein no har både oppdaterte føresegner og ein samla plan for uttaksområdet.
 

Dokument i saka


Naboar og andre aktuelle partar blir underretta i eige brev.

Kart og saksdokument er tilgjengeleg på kommunen si heimeside. 

Vedtak om eigengodkjenning er eit enkeltvedtak som kan påklagast, jf. plan- og bygningslova (pbl.) § 1-9.

Krav om innløysing eller erstatning etter pbl. §§ 15-2 og 15-3, må vere lagt fram for kommunen seinast 3 år etter denne kunngjeringa. 

Eventuell klage skal sendast skriftleg til Ålesund kommune innan 15.6.2020.

På grunn av COVID-19- koronaviruspandemien er innbyggartorga inntil vidare stengt.

Eventuell klage skal sendast kan sendast slik:


Klagefrist: 15.6.2020

Ansvarleg for kunngjeringa:  Verksemd for plan, byggesak og geodata
 

Til toppen