Viktig informasjon om korona

Ålesund kommune følger nasjonale råd og reglar. Det er gult nivå på skolar og barnehagar til og med fredag 17. september.

Koronatest | Vaksine | Smittetal | Alt om korona | Information about corona in other languages

Kommuneplanar til høyring

Plan for areal, klima og transport i Ålesundsregionen PAKT til offentleg ettersyn

Ålesund formannskap, Giske formannskap og Sula planutval har vedtatt å legge forslag til ein felles plan for areal, klima og transport i Ålesundsregionen (PAKT) ut på høyring. Høyringsfrist er 8. oktober 2021.

Plan for areal, klima og transport i Ålesundsregionen (PAKT) er ein interkommunal plan for Ålesund, Sula og Giske, som skal sjå arealbruk og transport i regionen i samanheng, i eit klimaperspektiv, og med FN sine berekraftsmål som fundament.

Ålesundsregionen er i vekst og utvikling, og folk i regionen bur, arbeider og nyttar ulike tilbod uavhengig av kommunegrensene. PAKT skal definere mål og strategiar for den framtidige utviklinga i regionen, vurdere kvar veksten bør komme og korleis transport­systemet best skal kunne binde ulike område saman.

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal har også vedtatt å legge PAKT ut til offentleg ettersyn, i møte 28.06.21. Dette legg til rette for at fylkeskommunen kan vedta PAKT som ein regional plan, i tillegg til dei kommunale vedtaka av PAKT som kommunedelplan.

Dokument i saka

Saksutgreiing med vedtak Ålesund formannskap 074/21

Plan for areal, klima og transport i Ålesundsregionen (PAKT) finn du her . Planen omtalar bakgrunn og rammer for planarbeidet, mål og målkonfliktar og kjem med forslag til strategiar, planretningslinjer og handlingsprogram.

Det er også utarbeidd eit omfattande kunnskapsgrunnlag for PAKT:

Sakspapir og plandokument er tilgjengeleg på Innbyggartorget i perioden 17.06.-08.10.2021.

Merknader til høyringa

Spørsmål, innspel og merknadar til saka kan sendast slik:

Eventuelle merknader kan sendast til Ålesund kommune på ein av følgande måter:

Merk e-posten eller brevet med (sett inn),

Ansvarlig for høyringa: Stabsområde Strategi, samfunn og næringsutvikling

Høyringsfrist: 8. oktober 2021

Til toppen