Friluftslivets ferdselsårer

Kva meiner du om dei mest brukte og kjende fotturane i Ålesund? No treng vi innspel frå deg som innbyggar i Ålesund!

Tursti langs sjøkanten - Klikk for stort bilete

Ålesund kommune har saman med Sunnmøre friluftsråd og lokale ressurspersonar plukka ut og kartlagt 43 godt brukte og kjende nærturar i heile kommunen. Det skal lagast ein plan for friluftslivets ferdselsårer som skal innehalde stiar, turløyper, skiløyper og padleled.

Her kan du sjå dei utvalde og kartlagde turane og kriteria som var nytta:

Turane er kartlagt ut i frå 13 kriterar. Det er nytta ein skala frå 1-3 etter trafikklysmodellen kor 1 er raudt, 2 er oransje og 3 er grønt. Dette gir kvar tur ein samla poengscore som kan nyttast i prioriteringa og forslag til tiltak i planen.

Kartlagte ferdselsårer (PDF, 268 kB)

Kvifor gjer vi dette?

Miljødirektoratet starta i 2019 ei nasjonal på Friluftslivets ferdselsårer og har tildelt kommunane midlar til arbeidet.

Målet med ein plan for friluftslivets ferdselsårer er å identifisere, vareta og utvikle friluftslivets ferdselsårer og auka bulyst, attraktivitet, fysisk aktivitet og naturopplevingar og gi betre helse og livskvalitet i befolkninga.

Planen skal bidra til å styrke samarbeidet med frivilligheita på området.

Ålesund kommune har mange attraktive ferdselsårer både bynært og i tettstadene. For at disse skal nyttast krevst det god tilgang til ferdselsårer der folk bur, arbeider, går på skule og barnehage.

Korleis ein tur er utforma har nær samanheng med bruken: Rundturar i naturlege omgivnadar er meir attraktive enn turar som går fram og tilbake i bustadsområder og trafikkerte område.

Nærleiken til ferdselsåren er vesentleg: undersøkingar viser at dei som har nærmaste turmoglegheit  innan 500 m frå bustaden går meir i kvardagen enn dei som bur lengre unna.

Planen skal gi oversikt over viktige og kjende ferdselsårer for friluftslivet i kommunen. Den skal gi informasjon om nosituasjonen og skissere tiltak for å vareta og utvikle ferdselsårene.

Lyst å vite meir?

Kom med dine innspel

I dette arbeide treng vi di hjelp! Har du tankar og idear om tiltak som gjer at fleire kan kome seg ut i naturen, og korleis vi kan vidareutvikle friluftslivets ferdselsårer? Kom gjerne med innspel på fleire turar.

Døme på innspel:

  • utbetring og forslag til endringar:
    • skilting, merking, universell utforming, benkar, gapahukar, lyssetting og underlag som grus, klopping, steinlegging med meir
  • samankoplingar av stiar til den eksisterande turen/stien
  • utsiktspunkt og spesielle element i naturen

Slik kan du gi innspel

Vi har ein eigen portal på nett med kartløysing der du kan leggje inn innspela dine. 


Frist for å kome med innspel: 21. juli